Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:681 (2019-2020)
Innlevert: 10.01.2020
Sendt: 13.01.2020
Besvart: 20.01.2020 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): I nye læreplanar skal ein ta omsyn til at elevane har hatt kortare tid med formell opplæring i sidemålet sitt. Det er uklart korleis sidemål og hovudmål skal vurderast. Elevar med nynorsk som hovudmål, er ofte betre i sidemålet enn i hovudmålet. Med denne ordninga, kan mange få betre karakterar på vitnemålet om dei byter hovudmål.
Skal tekstar handsamast ulikt om det er sidemål eller hovudmål, eller kva slags praksis for vurdering er tenkt, og korleis vil regjeringa sikre at elevar framleis nyttar nynorsk som hovudmål?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Vi har heile tida vore tydelege på at dei nye læreplanane skal sikre og ikkje svekke stillinga til sidemålet i skulen. Språkpolitikken på området ligg fast. Vi har i fagfornyinga tatt fleire grep for å styrkje både sidemåls- og nynorskopplæringa i skulen. Allereie når elevane er ferdige med 2. trinn, skal dei ha møtt tekstar på både nynorsk og bokmål. Når dei er ferdige med 4. trinn, skal dei ha utforska forskjellar og fellestrekk mellom skriving på hovudmål og sidemål. Dette er nytt og eg meiner det vil bidra til å styrkje elevane si trening i å skrive på sidemål og det vil gi ein betre progresjon gjennom opplæringa. Vi har òg understreka at den første lese- og skriveopplæringa skal skje på elevens hovudmål. Det har mellom anna Mållaget vore positive til, fordi det er ganske vanleg at elevar i blanda klasser skriv på bokmål allereie frå 1. trinn, sjølv om dei har nynorsk som hovudmål.
Som representanten peikar på, står det i den nye læreplanen i norsk at for standpunktvurderinga i skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål. I dag er dette presisert i sensorrettleiinga, som brukast i vurdering av eksamen i norsk. Der står det at sensorane skal ta omsyn til dette i si vurdering av eksamen. Det som er nytt, er at dette no er skrive inn i sjølve læreplanen.
I dei nye læreplanane er det utvikla heilt nye tekstar som omhandlar både undervegs- og standpunktvurdering. Desse tekstane skal støtte lærerane i den faglege vurderinga av elevane. I norskfaget har det difor vore naturleg gjennom desse nye tekstane i læreplanane å formalisere ein etablert vurderingspraksis, som altså tek omsyn til opplæringstida.
Eg meiner den nye presiseringa vil kunne bidra til å sikre ein meir lik vurderingspraksis enn i dag. Ikkje alle lærarar som underviser i norsk, har vore sensor til sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk og har kjennskap til det som står i sensorrettleiinga. Difor vil dei nye vurderingstekstane bidra til at det blir klarare korleis lærerane skal vurdere sidemål og hovudmål.
Vi er oppteke av å sikre plassen til sidemålet i opplæringa, for dei fleste er dette nynorsk, og etter ny læreplan skal elevane allereie etter 4. trinn utforske skriving på sidemål.
Vi har understreka at den første lese- og skriveopplæringa skal skje på hovudmålet til eleven, men i kompetansemål på alle trinn ser vi at elevane skal møte tekster i ulike sjangre på både nynorsk og bokmål - gjennom heile opplæringa.
No har vi fastsatt nye læreplanar med fornya og oppdatert innhald, ny struktur og nye delar. Læreplanane er eit resultat av ein brei, involverande prosess og dei er godt motteke i skulesektoren. Utdanningsdirektoratet har utvikla og utviklar framleis mange ressursar og kompetansepakkar som skal støtte skulane i å ta i bruk læreplanane. Nyleg sendte vi endringar i eksamensordningar og reglar for vurdering på høyring. Dette er endringar som òg vil vere viktig for innføringa av dei nye læreplanane. Fagfornyinga og innføringa vil vi følgje gjennom ei brei evaluering, som skal gi oss svara på kva konsekvensar fagfornyinga kjem til å få. Det vil ta tid før vi kjenner resultata frå evalueringa, men eg meiner prosessen har gitt oss gode føresetnadar for å lukkast med å nå måla med at elevane skal lære meir gjennom å lære betre.