Lene Vågslid (A): Vil statsråden ta initiativ til og sørge for at det blir etablert ATK (Automatisk trafikkontroll) i den nye Mælefjelltunnelen langs E134 i Vestfold og Telemark fylke?
Begrunnelse
76 % råkjører og bryt fartsgrensa i den nye tunnelen Mælefjelltunnelen mellom Århus og Gvammen langs E134i Telemark. Det viser foreløpige tall avisa Varden har fått av Statens vegvesen.
Torsdag 9. januar blei ein bil målt i ein hastighet på 204 kilometer i timen. Føreren blei seinare etterlyst. Ifølgje fleire medier i Telemark så er fleire bilar den siste tida mål til ein hastighet over 180 km i timen.
Politiet utrykker til både Telemarksavisa, Varden og NRK Telemark at ein ynskjer å få på plass automatisk trafikkontroll i tunnelen. Formannskapet i Seljord kommune har også sendt brev til Samferdselsdepartementet med det same ønskje.