Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:736 (2019-2020)
Innlevert: 20.01.2020
Sendt: 20.01.2020
Besvart: 29.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Den sterke økningen av fergetakstene som har skjedd ved årsskiftet, har gitt sterke, lokale protester. Ifølge et oppslag i Aftenposten den 19. januar betaler Staten i år tre ganger så mye for de 17 riksveisambandene som de gjorde i 2014. Fylkeskommunene har også hatt enorme utgiftsøkninger til kjøp av fergetjenester. Samtidig med prisøkningene har det ifølge avisa vært rekordoverskudd i de største fergeselskapene.
Syns statsråden at dette tyder på at konkurransen ikke fungerer på dette feltet, og vil han ta noen grep?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som samferdselsminister har eg myndigheit over dei 16 riksvegferjesambanda som Statens vegvesen fungerer som innkjøpar for. Eg viser derfor vidare til fylkeskommunane for saker som gjeld fylkesvegferjesamband.
Statens utgifter til kjøp av ferjetenester har i 2020-kr. auka frå 594,3 mill. kr til 1 448 mill. kr, i perioden 2014-2020. I same periode er det lyst ut på anbod og starta opp nye kontraktar på 11 av dei 17 riksvegeferjesambanda (frå 30.12.2019 er det 16 riksvegferjesamband). I anboda er det stilt krav om fleire ferjer med hyppigare avgangar på grunn av trafikkvekst på riksvegnettet samstundes som samfunnets krav til framkommelegheit har endra seg. Til dømes blei riksvegferjesambandet Anda-Lote tidlegare drifta av ei ferje med 38 avgangar dagleg, mens det no blir drifta av to ferjer med 53 avgangar dagleg.
Tilbodsbetringa og ein generell kostnadsauke for innsatsfaktorane i ferjedrifta har medført auka utgifter. Vidare var gjennomsnittsalderen på ferjer i den norske ferjeflåten på 25 år i 2015 og det har vore behov for fornying av ferjeflåten. Ut i frå det vi kjenner til er det bygd eller kontrahert over 60 nye ferjer sidan 2015. Dette verkar også inn på kostnadane. Samstundes har innføring av null- og lågutsleppsteknologi i ferjedrifta medført nokre ekstrakostnader i ein tidleg fase. Det er grunn til å forvente at investeringane i null- og lågutsleppsteknologi vil kunne gi innsparingar i framtidige kontraktar, då elektrisk drift er rimelegare enn dieseldrift.
Ein analyse av ferjemarknaden frå 2019 viser at marknadsandelen til dei fire store ferjeselskapa som dominerer marknaden, er relativt stabile. Samstundes har konkurransen auka sidan 2016, særleg om dei lengre kontraktane. For kontraktar som varer meir enn sju år var det i perioden 2004-2015 2,6 tilbydarar per kontrakt, mens det i perioden 2016-2018 var 3,4 tilbod per kontrakt.
Det er dermed ikkje grunnlag for å seie at konkurransen ikkje fungerer. Som innkjøpar for tenestene, har staten gjennomført gode prosessar for utlysing og innkjøp, og med 3,4 tilbod på dei lange kontraktane betaler vi ikkje for mykje for ferjetenestene. Som innkjøpar av ferjetenester på riksveg vil Statens vegvesen halde fram med å følgje med på utviklinga i ferjemarknaden og å fortsetje arbeidet med langsiktige tiltak for å sikre at vi også i framover har ein velfungerande ferjemarknad.