Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:772 (2019-2020) Innlevert: 24.01.2020 Sendt: 27.01.2020 Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren Besvart: 10.02.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup
Marit Knutsdatter Strand (Sp): Fleire skuler, kommunar og Vestland fylke saknar omsetting av FN sine berekraftsmål til nynorsk. FN-sambandet fekk midlar frå UNESCO-kommisjonen til å omsette til nordsamisk, og ynskjer seg no finansiering for at måla og skal vere tilgjengelege på nynorsk.Korleis vil statsråden sikre finansiering av omsettinga slik at berekraftsmåla blir å lese på båe målformar i Noreg?
Nikolai Astrup: Eg beklagar at svaret kommer seint. Det skuldast endringane i ansvaret for berekraftsmåla. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har starta arbeidet med å omsette berekraftsmåla til nynorsk. Eg reknar med at det vil finnast tilgjengeleg i løpet av februar.