Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:794 (2019-2020)
Innlevert: 29.01.2020
Sendt: 29.01.2020
Besvart: 05.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Ser statsråden nytten av å stimulere til lagring av karbon i materialer, og vil statsråden vurdere å innføre incentivordninger for å fremme dette?

Begrunnelse

I dag prises utslipp av fossilt karbon til omlag 500 kroner per tonn CO2. Prisen for utslipp av grønt (biogent) karbon er null kroner per tonn CO2. Dette begrunnes med at i et hundreårsperspektiv (kort) er grønne utslipp klimanøytrale, gitt at ressursene høstes og områdene videreforvaltes.
Det er ingen støtteordninger som motiverer til å bruke materialene lengre, og dermed redusere utslipp, ved å holde karbonet bundet.
En verdsettelse av grønt karbon vil i større grad bidra til at dette velges som materiale framfor stål, betong og andre fossile komponenter. Det vil også motivere til at CO2 holdes lengre utenfor atmosfæren, byggematerialer gjenbrukes og at reparasjoner blir mer attraktivt. I praksis vil det være et sentralt tiltak for den sirkulære økonomien.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Å utnytta ressursane våre på ein god og effektiv måte er viktig. Knappe ressursar og behov for reduserte klimagassutslepp inneber eit stadig aukande behov for å omstilla oss i retning av sirkulær økonomi. Regjeringa arbeider for at Noreg skal vera eit foregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som utnyttar ressursane betre. Regjeringa jobbar no med å utarbeida ein nasjonal strategi om sirkulær økonomi. Korleis vi kan halda ressursar og materialar lengre i omløp og korleis dei kan brukast på nytt vil vera ein sentral del av dette arbeidet.
I avtala med EU om felles oppfylling av klimamåla for perioden 2021 til 2030, vil lagring av karbon i treprodukt bli rekna med. Når vi aukar bruken av byggematerialar i tre, vil lageret av karbon i slike treprodukt auka, noko som bidrar positivt til klimagassrekneskapen for Noreg.
I dag har fossile utslepp ein pris på 545 kroner per tonn CO2 og regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2020 ein opptrapping av den flate CO2-avgifta med 5 pst. årleg for alle sektorar fram til 2025. Dette vil bidra til å gjera lavutsleppsmaterialar og materialar som blir brukt på nytt meir attraktive enn materialar som blir produsert med høge utslepp i produksjonen.
Regjeringa er opptatt av å redusera utslepp frå bruk av materialar i bygg. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil stimulera byggebransjen til nyskaping og bruk av tre som byggemateriale. I Meld. St. 41 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, har regjeringa tilsvarande sagt at den vil bidra til auka bruk av tre i bygg, og vurdera tiltak som kan bidra til å auke lageret av karbon i langlevde produkt.
Klima- og miljødepartementet har nyleg fått utarbeidd ein barrierestudie for bruk av lavutsleppsmaterialar, inkludert tre, i bygg. Departementet vil saman med andre departement dette temaet angår, følgja opp denne rapporten.