Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:880 (2019-2020)
Innlevert: 06.02.2020
Sendt: 07.02.2020
Besvart: 14.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva meiner samferdselsministeren om at Posten frå 1. juli 2020 annan kvar dag skal køyre rundt og levere aviser utan å ta med annan post?

Begrunnelse

Etter framlegg frå regjeringa har stortingsfleirtalet vedteke å redusere postomberinga frå 1. juli frå fem til tre og to dagar i veka. Det skal framleis vera avislevering fem dagar. Anbodskonkurransen om å levere aviser vart vunnen av Posten.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Samferdselsdepartementet har fatta ei avgjerd om å tildele kontrakt til Posten Norge AS om omdeling av aviser på kvardagar på stader der det ikkje er eit kommersielt avisbodnett. Karenstida for tildelinga er enno ikkje avslutta. Kontrakten er soleis ikkje underteikna.
Eg set stor pris på at vi no har klart å skaffe avisomdeling kvar dag innafor dei økonomiske rammene som var lagt til grunn i handsaminga av Prop. 102 L (2018-2019) Endringer i postloven (antall omdelingsdager). Med omdeling alle dagar i heile landet, legg vi til rette for at avisene framleis kan nå ut til abonnentane, sjølv om Posten ikkje lenger har krav om å dele ut post kvar dag. Eg trur at dette er ei ordning som vil virke positivt for lokalavisene så vel som for dei store avisene, og som sikrar innbyggarane dagferske aviser kvar dag
Grunnen til at vi ikkje lenger har dagleg postombering, er at dette er ei dyrare løysing enn kjøp av avisomdeling. Det som driv kostnadene i postnettet er talet på stopp i rutene. Avisbodrutene er lengre og har færre stopp enn ei ordinær postbodrute, difor kan Posten omdele aviser billegare i avisruter enn i ordinære postbodruter.
Eg er glad for at Posten ikkje treng å si opp like mange postbod som det vart lagt til grunn i lovproposisjonen. Dette gir større tryggleik for Posten sine tilsette i distrikta. Det er likevel ikkje slik at den nye aviskontrakten sikrar alle postboda vidare jobb i Posten.