Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:926 (2019-2020)
Innlevert: 11.02.2020
Sendt: 12.02.2020
Besvart: 19.02.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Vil ein i arbeidet med hydrogenstrategien opne opp for at ammoniakk også vert likestilt med hydrogen, og vil strategien syte for å stimulere til heilskaplege kjeder slik at tilgjengelegheit og antall forbrukarar gjennom stimuli av offentleg innkjøp vil kome på plass?

Begrunnelse

Regjeringa har varsla ein hydrogenstrategi som skal omhandla forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen.
Utvikling av heilskaplege kjeder vil vera avgjerande for å få opp berekraftige løysingar. Dette gjeld både innan transport på land og sjø, men også for industrien.
Den siste tida er også ammoniakk som energiberar kome inn som eit alternativ til rein hydrogen. For næringslivet vil det vera vesentleg at også bruk av ammoniakk vil likestillast med hydrogen i det vidare arbeidet.
For å nå målet om at norske bedrifter skal vera leiande innan utviklinga av hydrogenteknologi, må det satsast betydeleg både frå bedriftene og frå det offentlege si side.

Tina Bru (H)

Svar

Tina Bru: Ammoniakk og hydrogen vil vere likestilt som lågutsleppsløysingar i hydrogenstrategien der det er relevant. I tillegg må eg presisere at rein hydrogen er ein føresetnad for å framstille rein eller grøn ammoniakk.

Regjeringa legg til rette for utvikling av gode lågutsleppsløysingar gjennom verkemiddelapparatet. Det vert ikkje lagt opp til å endre på dette gjennom hydrogenstrategien. Det vil vere opp til aktørane og marknaden å finne dei best eigna teknologiane.

Hydrogenstrategien legg til grunn at hydrogen må produserast tilnærma utsleppsfritt, anten ved elektrolyse frå fornybar kraft eller frå naturgass med CO2-handtering for å kunne sjåast på som ein klimaløysing.

Arbeidet med regjeringa sin hydrogenstrategi pågår og eg kan difor ikkje forskottere innhaldet, men det vert lagt opp til omtale både av den hydrogenrike energiberaren ammoniakk og heilskaplege leveransekjeder, samt aktuelle verkemiddel som offentlege innkjøp. Den overordna bodskapen i strategien vil vere at hydrogen kan bidra til verdiskaping og utsleppsreduksjonar i Noreg.

Hydrogen og hydrogenrike energiberarar som ammoniakk kan spele ei rolle i framtidas energisystem og bidra til å redusere utslepp i ei rekke sektorar, som transport og industri. Det er pågåande utviklingsprosjekt i Noreg for å framstille m.a. flytande hydrogen som drivstoff og ammoniakk som drivstoff (bruksområda kan vere ulike).

Pilot-E, som er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv etablert av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova, har tildelt støtte til hydrogenprosjekt. Til dømes tildelte Pilot-E i 2018 stønad til eit prosjekt der Yara, saman med NEL, skal utvikle ei verdikjede for grøn mineralgjødsel. Målsettinga er å realisere utsleppsfri mineralgjødselproduksjon gjennom innovative løysingar for kostnadseffektiv hydrogenproduksjon frå fornybare kjelder. Ammoniakk inngår i gjødselproduksjon og ved å nytte grøn ammoniakk reduserast utslepp.

I 2019 tildelte Pilot-E til saman 71 millionar kroner til to prosjekt for å utvikle heilskaplege leveransekjeder for hydrogen.

I stortingsmelding 22 om smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser (Meld. St. 22 (2018-2019)), vart det varsla at regjeringa vil komme med ein handlingsplan for økt andel grønne og innovative offentlige anskaffelser. Dette er Digitaliseringsdirektoratet og Miljødirektoratet i gang med. Eitt av dei prioriterte områda som handlingsplanen vil gå inn på er offentlege innkjøp innan låg- og nullutsleppsløysingar.