Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:994 (2019-2020)
Innlevert: 18.02.2020
Sendt: 18.02.2020
Besvart: 24.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Er det høve for fylkeskommunane å setje miljøkrav for drosjer avgrensa til 7 seter, og vil statsråden i tilfelle sørgje for at det vert mogleg med ei differensiering på dette?

Begrunnelse

Fylkeskommunane har no høve til å setje miljøkrav for drosjer. Det er bra. Likevel er løyveklassane delt slik at køyretøy opp til 9 seter er i same klasse. Derimot finst det om lag ikkje køyretøy som er utsleppsfrie og har 9 seter. Den største andelen drosjer har 5-7 seter, og ein vil nå langt ved å kunne setje krav om dette.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eit drosjeløyve gjev rett (og inntil 1. juli óg ei plikt) til å drive persontransport mot vederlag med personbil, dvs. motorvogn registrert for inntil 9 personar inkludert førar.
Med verknad frå mars 2017 vart det gjeve heimel i yrkestransportlova § 9 for løyvestyresmakta til å kunne gje påbod om at drosjekøyring skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det er opp til løyvestyresmakta lokalt å fastsetje ei slik øvre grense.
I forarbeida til den nemnde lovendringa er det, ut frå omsynet til likehandsaming og like konkurransevilkår, lagt til grunn at dersom løyvestyresmakta ønskjer å nytte heimelen til å gje påbod om bruk av låg- eller nullutsleppskøyretøy, må det gjelde alle drosjeløyva i distriktet, og ikkje berre eit avgrensa tal løyve. At utvalet av utsleppsfrie personbilar med plass til 8 passasjerar i dag er mindre enn for personbilar i andre storleikar, ser eg ut frå ovannemnde ikkje som eit avgjerande grunnlag for ei lovendring med sikte på å differensiere drosjeomgrepet berre for å kunne setje ulike utsleppsgrenser knytt til talet på passasjerplassar i drosja.