Jon Georg Dale (FrP): Vil helse- og omsorgsministeren sjå til at Helse Møre og Romsdal HF foretek ei ny vurdering av sine føringar for helsepersonell si behandling av pasientar med sepsis, slik at legar ved sjukehusa i Møre og Romsdal framleis har like stor fridom til å foreta sjølvstendige val av behandlingsmetode som eksempelvis legar ved Ahus og ved sjukehuset i Førde?
Begrunnelse
I vinter kunne vi på serien "vårt lille land" på Tv2 sjå eit innslag frå Volda sjukehus, der dei hadde gode erfaringar ved ein ny behandlingsmetode for pasientar med sepsis.
Sepsis er ein alvorleg tilstand og mellom 30-40 prosent av pasienter med sepsis overlev ikkje tilstanden.
Den omtalte behandlingsmetoden som vist til i Tv2 dokumentaren har fått namnet "Marik- protokollen" og har ikkje vore gjennom tilstrekkeleg vitenskapelege forsøk til at det er ein godkjent behandlingsmetode. Fleire norske sjukehus har likevel tatt denne behandlinga i bruk, og meiner dei har sett positiv effekt av dette. Behandling etter "Marik- protokollen" er ikkje dyr, og har ingen kjente bivirkningar for pasientgruppa.
No er det kjent at fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal HF vil stoppe denne behandlingsmetoden i helseforetaket. Det skjer med utgangspunkt i ein studie omtalt som "VITAMINS" og "Belfast- studien."
Ei slik føring frå fagdirektøren i helseforetaket bidreg naturlegvis til å innsnevre behandlande lege sitt handlingsrom til å gjere sjølvstendige individuelle vurderingar.
Basert på den same studien som altså hindrar legar i Volda og bruke ein behandlingsmetode som dei sjølve har tiltru til, melder både Ahus og Helse Førde at dei basert på funna i studien vil halde fram med bruk av "Marik-protokollen" og om noko vurdere om dei skal ta dette i bruk tidlegare i behandlingsforløpet.
Andre studier som eksempelvis Citris-ALI-studien som indikerer gode resultat av denne behandlinga ser ikkje ut til å være tillagt same vekt i vurderinga frå fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal.
Det er naturligvis alltid eit mål å halde seg til kjende behandlingsmetodar ved behandling av pasientar, og avvente bruk av nye behandlingsmetoder til dei er dokumenterte med virkning. I dette tilfelle synes det likevel uforståeleg med ulik føring mellom helseforetak, som gir legane ulik muligheit til å bruke sitt beste faglege skjønn i si pasientbehandling. I dette konkrete tilfelle er det ingen kjende bivirkningar for pasienten, og kostnaden ved behandlinga er forsvinnande liten, den potensielle oppsida er derimot at fleire overlev alvorleg sjukdom.