Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1124 (2019-2020)
Innlevert: 24.02.2020
Sendt: 02.03.2020
Besvart: 11.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I 2015 la Klima- og miljødirektoratet fram en utredning av klimakutt som også omfattet kvotepliktig sektor, og der ulike tiltak ble satt sammen til tiltakspakker som til sammen kunne gi omfattende kutt.
I hvilken grad har tiltakene for kvotepliktig industri i tiltakspakke 1 blitt gjennomført, og har man oversikt også for status for industritiltakene i tiltakspakke 2 og 3?

Begrunnelse

Miljødirektoratet ga ut rapporten Klimatiltak og utslippsbaner mot 2030 i 2015. Rapporten finnes her:
https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M386/M386.pdf
Tiltakspakke 1 inneholdt følgende tiltakt for industrien:

- Reduserte utslipp av PFK fra aluminiumsindustrien
- Økt bruk av biobrensel i sementindustrien
- Slukking av raffinerifakler
- Energieffektiviseringstiltak med kostnader under 500 kr/tonn CO2-ekvivalent
- Energikonvertering med kostnader under 500 kr/tonn CO2-ekvivalent

Tiltakspakke 2 inneholdt i tillegg følgende tiltak:

- Økt andel trekull i ferrosilisiumindustrien
- TiZir – Overgang til hydrogen
- Klinkersubstitusjon i sementindustrien
- Forbedret varmeintegrering i raffinerier
- Optimalisering av ovner og kjeler i raffinerier
- Gjenvinning av varme fra røykgass på raffinerier
- CCS - Norcem Brevik, fangst basert på tilgjengelig overskuddsvarme
- CCS - Yara Porsgrunn, uten rensing av røykgass på reformeren
- Energikonvertering med kostnader mellom 500 og 1500 kr/tonn CO2-ekvivalent

Tiltakspakke 3 inneholdt i tillegg følgende tiltak

- CCS - Norcem Brevik
- CCS - Yara Porsgrunn
- CCS - Mongstad Cracker
- Energieffektiviseringstiltak med kostnader over 1500 kr/tonn CO2-ekvivalent
- Energikonvertering med kostnader over 1500 kr/tonn CO2-ekvivalent

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Industrien i Noreg er svært energieffektiv og brukar fornybar vasskraft som energikjelde. Utsleppa frå industrien har gått kraftig ned med i underkant av 40 pst. sida 1990. Denne reduksjonen skjedde fram til 2010. Utsleppa frå industrien har sidan den gongen vore stabile. Arbeid med å redusere utslepp i industrien vert kjenneteikna ved at mykje av reduksjonspotensialet for dei enkle tiltaka allereie er teke ut og at det vil krevje ei større omstilling å redusere utsleppa ytterligare.
Miljødirektoratet sin rapport frå 2015 er ein gjennomgang av moglege tiltak i industrien som kan gjerast fram mot 2030. Store delar av kutta må skje i verksemder som er kvotepliktige i EU sitt system for kvotehandel (EU ETS).
I tiltakspakke 1 såg Miljødirektoratet på tiltak der teknologien er tilgjengeleg, og der kostnadane er låge. Rapporten syner at desse tiltaka har eit lågt potensial for utslippsreduksjonar. Tiltak i tiltakspakke 2 inneheld i tillegg tiltak med høgare kostnadar og krav til teknologisk utvikling, slik som bruk av hydrogen i Tizir sitt smelteverk, og karbonfangst og lagring (CCS) på Norcem og Yara Porsgrunn. Tiltakspakke 3 inneheld CCS med enda større potensial for kutt i utslepp, og energitiltak som har høge kostnadar.
Noreg har gode vilkår for industrien med mellom anna støtteordningar gjennom Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Enova for å fremje innovasjon og teknologiutvikling. Slik støtte er eit viktig supplement til prising av utslepp gjennom deltaking i EU sin kvotemarknad og CO2-avgift. Mens prising av utslepp gjev kontinuerleg insentiv til utsleppsreduksjonar, medverkar støtte til at naudsynte teknologiar for framtidige utsleppsreduksjonar og omstilling vert utvikla.
Enova har i dag programtilbod retta mot forskjellige stadium i teknologiutviklinga, frå demonstrasjons- og forprosjektfasen til fullskala implementering og marknadsintroduksjon. Programma legg til rette for å støtte innovative teknologiprosjekt innanfor alle dei største norske industrigreinene og styrkjer innsatsen som har medverka til realisering av Hydro sin pilot for aluminiumsproduksjon på Karmøy, TiZir sin pilot for avansert smelteverksteknologi i Tyssedal som første skritt i å ta i bruk hydrogen som reduksjonsmidel, Glencore sitt energieffektive elektrolyseanlegg i Kristiansand, og Arba sitt demonstrasjonsanlegg for produksjon av biokol i Follum.
Samtidig arbeidar mellom anna prosessindustrien for å redusere eigne utslepp, og har utvikla eit vegkart for grøn konkurransekraft, som no strategiforumet Prosess21 følgjer opp. I Prosess 21 samarbeidar forvaltninga og næringslivet for å gi strategiske råd og forslag til korleis prosessindustrien best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp i 2050 og samtidig legge til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden.
Verken departementet eller Miljødirektoratet har oppdatert informasjon om status for tiltaka representanten etterspør. På den tilgjengelege tida har det lukkast departementet å samanstilte følgjande informasjon, i hovudsak basert på innspel frå Miljødirektoratet.

Energieffektivisering

Alle verksemder med løyve til forureinande verksemd har krav om energileiing. Dette betyr at verksemda skal ha eit system for kontinuerleg, systematisk og målretta vurdering av tiltak for å oppnå ein mest mulig energieffektiv produksjon og drift. Energieffektiviserande tiltak vert vurdert fortløpande.

Energikonvertering – frå fossil energi til fornybar energi

Basert på samla rapporter om bruk av energibærare frå 2015 til 2018, er det ein nedgang i bruk av naturgass (LNG) og lett fyringsolje med rundt 20 og 30 prosent respektivt. Samtidig er bruken av elektrisitet auka med 20 prosent. Dette kan tyde på at det er gjort ein del konvertering.

PFK i aluminiumsindustrien

PFK-utsleppa frå aluminiumsindustrien er redusert med om lag 96 prosent sidan 1990. I perioden 2015-2018 har utsleppsnivået vore relativt stabilt.

Sementindustrien

Det er inga tydeleg endring i bruk av biobrensel i sementproduksjon etter 2015. Norcem brenner avfall, og andelen biobrensel (som flis og anna biologisk avfall) er mellom anna avhengig av tilgang og pris. Norcem har også fått løyve til å erstatte klinker med flygeoske frå kullfyrte kraftverk og returgips i produksjonen av sement, men Miljødirektoratet har ikkje oversikt over kor stor del som per i dag er erstatta.

Ferrosilisiumindustrien

Fleire ferrosilisiumsverk nyttar trekull. Bruk av trekull er avhengig av tilgang og pris. I snitt utgjer trekull brukt i sum under 10 prosent av total kull-/koksforbruk.

Raffinerier

Fakling er ein del av sikringssystemet for raffineria. Bedrifter som er omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektiv blir regulert med utgangspunkt i bransjespesifikke konklusjonar om beste tilgjengelege teknikkar (BAT) utvikla i EU. Raffineria har også eit krav om energileiing og krav om å utnytte overskotsenergi og jobbar kontinuerleg med optimalisering av omnar og andre energieffektiviserende tiltak.

CCS

Noreg har lang erfaring med CO2-handtering. Sida 1996 har omkring 1 million tonn CO2 frå gassproduksjon på norsk sokkel årleg blitt injisert tilbake og permanent lagra under havbunnen ved Sleipnerfeltet. I 2007 starta CCS-prosjektet ved Snøhvitfeltet, kor det blir lagra omtrent 700 000 tonn CO2 årleg. Regjeringa har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handteringsanlegg i Noreg gitt at dette gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Norcem og Fortum Oslo Varme ferdigstilte forprosjektering av CO2-fangst ved anlegga sine hausten 2019. Equinor, Shell og Total, som utgjer Northern Lights-konsortiet, gjennomfører forprosjektering av CO2-transport og –lagring. Når forprosjekteringa er fullførd og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om fullskalaprosjekt bør realiserast i Noreg.

Det er utrekna at begge fangstaktørane vil kunne fange opptil 400 000 tonn CO2 årleg. Northern Lights-prosjektet vil i første fase ha ein kapasitet til å lagre opptil 1,5 millionar tonn CO2 årleg.