Skriftlig spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1082 (2019-2020)
Innlevert: 27.02.2020
Sendt: 28.02.2020
Besvart: 09.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Hvilke endringer vil statsråden gjøre i rovviltforvaltninga for å følge opp rettsavgjørelser fra Frostating Lagmannsrett 2013, Krokann-saken, og Borgarting lagmannsrett 2018, Anti-saken, samt Riksrevisjonens rapport 2019 som sier at rovviltforvaltninga ikke oppfyller intensjonene i rovviltforliket?

Begrunnelse

Bakgrunn: I to rettsaker i 2013 og 2018 tapte staten mot saue- og reindriftsnæringa i at erstatningsutmåling for beitedyr drept av rovvilt ikke var i tråd med lovverket. I 2019 kom Riksrevisjonens rapport om rovviltforvaltninga, og også her mente Riksrevisjonen at forvaltninga på flere punkt ikke oppfylte intensjonene i rovviltforliket. Likevel opplever beitenæringene at praksis ikke blir endret, og tilliten til forvaltninga er lav.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Innleiingsvis vil eg vise til at regjeringa fører ein rovviltpolitikk som er i samsvar med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika i 2004 og 2011 og fleirtalsvedtaket om ulv av 2016.
Eg viser òg til at Riksrevisjonen gjennom sin rapport om rovviltforvaltninga har gjort ei grundig analyse av forvaltninga. Eg meiner Riksrevisjonen finn at forvaltninga fungerer godt, men at enkelte element treng nærare merksemd. Eg oppfattar at representanten i dette spørsmålet tar opp erstatningsordningane vi har for tamrein og husdyr som er skada eller drepne av rovvilt. I Riksrevisjonen sin rapport er ikkje desse ordningane nemnt som tema der Riksrevisjonen har tilrådingar om endringar.
Rapporten frå Riksrevisjonen og tilrådingane dei har kome med vert fylgt opp av forvaltninga. Samstundes skal saka handsamast i Stortinget, og eg ser fram til dette.
Eg viser òg til at den såkalla Krokan-dommen frå 2013 er følgd opp. I dommen kom Frostating lagmannsrett til at Miljødirektoratet sitt vedtak om delvis avslag på ein søknad frå 2008 om erstatning for tap av sau til rovvilt, var ugyldig. Retten gav ikkje uttrykk for at sjølve resultatet var feil, men det vart lagt til grunn at det låg føre mangelfull utgreiing av det faktiske grunnlaget for skjønnet og at dette kunne ha hatt betyding for resultatet. Retten viste til at det ikkje var gjort ei tilstrekkelig brei vurdering av årsaksfaktorar som kunne forklare tapa av sau som saksøkaren hadde.
Etter dommen fekk Miljødirektoratet ei rekke oppmodingar om omgjering av erstatningsvedtak for tap av sau til rovvilt. Klima- og miljødepartementet bestemte at Miljødirektoratet skulle realitetsbehandle fleire av dei sakene om omgjeringsoppmodingar dei fekk inn. Departementet ga òg dyreeigarane moglegheit til å be om departementet si vurdering av sakene. Som følgje av dette fekk departementet sendt over 49 saker frå Miljødirektoratet, og departementet føretok ei konkret og sjølvstendig ny vurdering av alle desse vedtaka.
Eg viser vidare til Stortinget si behandling av representantforslag 239 S (2017-2018) om erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt, jf. Innst. 140 S (2018-2019), der Stortinget vedtok følgjande (vedtak 383):

"Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte."

For å følgje opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak om erstatningsordningane, har Klima- og miljødepartementet gitt følgjande oppdrag til Miljødirektoratet, med frist 1. oktober i år:

"Utarbeide en faglig vurdering av dagens erstatningsordninger for husdyr og tamrein tatt av rovvilt, herunder hva som er konsekvensene av å videreføre dagens ordninger og eventuelt behovet for å gjøre endringer i dagens ordninger."

I vurderinga vil behovet for ei ny risikobasert erstatningsordning som følgje av mellom anna den såkalla Anti-dommen inngå.
Dette viser at det er gjennomført fleire prosessar på dette området som følgje av dei nemnde domane. Vi vil nå venta på Miljødirektoratets vurderingar før vi avgjer korleis vi ser for oss at erstatningsregelverket på rovviltfeltet skal sjå ut i framtida.