Liv Signe Navarsete (Sp): Kva gjer regjeringa for å avhjelpe den spente situasjonen i Hellas, og hjelpe dei som no er på flukt?
Begrunnelse
I media dei siste dagane har me kunne lese om norske hjelpearbeiderar som har fått bilane sine angripne av høgreekstreme på Lesvos. Lokale innbyggarar har gått til åtak på journalistar og det har vore konfrontasjonar mellom politiet og innbyggjarar. Situasjonen er svært spent etter at Tyrkia gjorde det klart at dei ikkje ville stoppe flyktningar på veg til Europa. Hendingane har ført til ei forverring av forholdet på dei greske øyene mellom innbyggjarar, flyktningar og hjelpearbeidarar. Dette har igjen ført til at ein har måtte stenge ned fleire senter i mellom anna Moria-leiren der ein har hatt tilbod til barn og mindreårige asylsøkjarar.