Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1216 (2019-2020)
Innlevert: 11.03.2020
Sendt: 11.03.2020
Besvart: 17.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Hvorfor ønsker ikke Klima- og Miljøverndepartementet å tillate løs, på drevet halsende hund i forbindelse med skadefelling av bjørn, og ser departementet at en lovhjemmel som tillater denne type hund i forbindelse med slike fellingsoppdrag ville ha gitt et mer effektivt uttak?

Begrunnelse

På tross av at flere miljøvernministere har tatt til orde for et mer effektivt uttak av rovdyr i tilfeller der skadefelling er innvilget, sier Riksrevisjonen rapport som omhandler undersøkelse av rovviltforvaltningen, publisert sommeren 2019, at dette på langt nær er tilfelle. Det samme viser også rapporter som går på antall fellinger sett opp imot antall gitte fellingsløyver,
I flere omganger er spørsmålet om bruk av løs, på drevet halsende hund i forbindelse med skadefelling av bjørn lansert, dette uten at det så langt er gitt tillatelse til dette. Denne type hund er tillatt på arter som blant annet ulv, gaupe, hare og rev, og er dokumentert effektivt på uttak av bjørn, blant annet i Sverige, der dette er denne type hund er tillatt i forbindelse med bjørnejakt.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg vil innleiingsvis vise til at vi allereie i dagens regelverk har ei opning for at Miljødirektoratet i spesielle høve kan gi samtykke til bruk av laus, på drevet halsande hund på bjørn. Det er likevel berre unntaksvis dette blir vurdert som eit mogleg effektivt virkemiddel utan for store negative konsekvensar. Erfaringa frå dei forsøka som er gjort viser at laus, på drevet halsande hund ikkje gir nokon garanti for eit vellukka resultat.
Ei meir generell opning for bruk av laus, på drevet halsande hund ved felling av bjørn er grundig vurdert av regjeringa på bakgrunn av faglege råd frå Miljødirektoratet, resultat frå forsking på kva for effekt bruk av hund har på bjørnar og erfaringar frå forsøk med bruk av slike hundar. Det er fleire årsakar til at det ikkje vert opna for generell bruk av slike hundar ved skadefelling. For det fyrste skjer skadefelling i hovudsak om sommaren. Det er ei sårbar periode der alle viltartane ynglar og har små ungar. Av same grunn er det krav om å halde hund i band i den tida av året. Vidare er det om sommaren svært mange sau og tamrein på utmarksbeite i Noreg. Av erfaring veit vi at det både gjer det vanskeleg for laus hund å følgje spor etter rovvilt og at hundane kan gjere skade på beitedyr. Situasjonen om sommaren i Noreg kan difor heller ikkje samanliknast med lisensjakt om hausten i Sverige, der dei har ein langt større bjørnebestand og det ikkje er sau på utmarksbeite. I tillegg er det slik at bjørnen er eit rovdyr som evolusjonært ikkje er tilpassa langvarig jaging frå laus, på drevet halsande hund. Det inneber at belastninga kan bli så stor at ein kjem i situasjonar der det går ut over dyrevelferda med omsyn til bjørnen.
I fjor utarbeidde mellom anna Statens naturoppsyn og erfarne kommunale fellingsleiarar ein rettleiar for gjennomføring av fellingsoppdrag. Dette for å profesjonalisere og auke effektiviteten ved skadefellingsoppdrag. Den beste kunnskapen vi har, basert på mange år med erfaring frå slike oppdrag, er samanstilt i rettleiinga. Eg vil òg understreke at rettleiinga er eit dynamisk dokument som fortløpande vil bli oppdatert og vidareutvikla basert på nye erfaringar. Eg føreset at alle kommunale fellingslag i tida framover legg stor vekt på rettleiinga ved gjennomføring av fellingsoppdrag.