Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1238 (2019-2020)
Innlevert: 13.03.2020
Sendt: 16.03.2020
Besvart: 19.03.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Meinar regjeringa at det er greit med varierande praksis for kor vidt lovpålagte møter som folkevald gjer fritak for obligatorisk undervisning på universitet og høgskule, eller vil regjeringa ta initiativ til å endre regelverket slik at det vert like reglar for fritak knytt til deltaking i kommunestyre og fylkesting?

Begrunnelse

Tilbakemeldingar frå studentar syner at dei har utfordringar med å få godkjent fritak frå oppmøtekrav på universitet og høgskule når ein har møteplikt i kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ. Studentar fortel om ulik praksis mellom utdanningsinstitusjonane.
Det er problematisk at det manglar føreseielege rammer knytt til obligatorisk oppmøte i undervisning og lovpålagde møter i folkevalde organ for studentar under utdanning. Utdanningsinstitusjonar bør oppfordre og motivere til deltaking i politikk og samfunnsliv.
Regjeringa har tidlegare vist til utvalet som i februar 2020 skulle legge fram eit nytt forslag til samla regelverk for universitet og høgskular. I forslaget som no er på høyring er det ikkje tatt stilling til eventuelle presiseringar i regelverket på dette området.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Eg er oppteken av at det skal leggjast best mogleg til rette for at studentar som er folkevald kan delta i møte i kommunale og fylkeskommunale folkevalde organ. Det følgjer av § 8-1 i kommunelova at medlem av eit kommunalt eller fylkeskommunalt organ pliktar å delta i organets møte viss ikkje dei har gyldig forfall. Regelen er ei vidareføring av § 40 i den tidlegare kommunelova. Det har vore lagd til grunn at regelen ikkje kan tolkast slik at han gir studentar rett til fri frå obligatorisk undervisning for å delta i møte i folkevalde organ. Det kviler derfor eit stor ansvar på utdanningsinstitusjonane for å vurdere moglege løysingar. Eg meiner utdanningsinstitusjonane bør ha permisjonsordningar eller andre ordningar som kan leggje til rette for at studentar kan delta på kommunestyremøte og liknande. Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbreva til universitet og høgskular for 2020 minna institusjonane på deira ansvar for å leggje til rette for dei studentane som har ulike verv.
Samstundes har universiteta og høgskulane ein plikt til å sjå til at permisjonar og annan tilrettelegging ikkje er til hinder for at studentane oppnår dei kunnskapar og ferdigheiter utdanninga skal gje. Det er det som ligg til grunn for at det er utdanningsinstitusjonane som sjølve må fastsetje reglar for fråvær og vurdere den enkelte søknad om fråvær.