Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1268 (2019-2020)
Innlevert: 23.03.2020
Sendt: 24.03.2020
Besvart: 31.03.2020 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva gjer statsråden for å trygga norsk landbruk og matproduksjon i situasjonen med corona-viruset?

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Landbruk og matproduksjon er ein kritisk samfunnsfunksjon som vi er heilt avhengig av at fungerer i ein krisesituasjon som dette. Per nå går produksjonen og leveransane frå jordbruket tilnærma som normalt, men med noko redusert kapasitet i industrien, bl.a. som følgje av tilsette i karantene og forseinkingar i varetransport.
For å tryggje norsk landbruk og matproduksjon må vi ha høg beredskap med god oversikt og fortløpande informasjon om situasjonen i næringa. Eg har sett i verk rapporteringsrutinar frå underliggjande etatar og frå næringa for å bli halden orientert. Eg får daglege oppdateringar frå landbruket og har to skypemøter i uka med sentrale aktørar i jordbruket og nærings-middelindustrien, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Landbruksdirektoratet og Innovasjon Noreg. Dette er nødvendig for å ha god og oppdatert kunnskap om situasjonen og for å kunne sette i verk tiltak raskt. Aktørane rapporterer om at det er full beredskap i verdikjeda og at råd og pålegg som myndigheitene gir føljast opp.
Mattilsynet har særleg stor beredskap på personell som arbeider med kjøttkontroll på slakteria og kontroll på grensestasjonar for å unngå at dei blir smitta eller havnar i karantene. Mattilsynet vurderer fortløpande tiltak for å avgrense smitte til kritisk personell.
Norske bønder har etablert gode rutinar med smitteførebyggjande arbeid på garden med bl.a. smittesluser og besøkskontroll. Alle blir oppmoda til å vere ekstra påpasseleg med smitte og smittespreiing, følgje råda frå myndigheitene, og bruke beredskapsplan for garden. Dei skal òg følgje tilrådingane frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet om at personar som er smitta med koronavirus, av føre-var-omsyn, avgrensar kontakten sin med matproduserande dyr.
Det er etablert gode ordningar med avløysartenester i landbruket ved mellom anna sjukdom. Samtidig har no både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag understreka overfor sine medlemmer at dei må gjere avtaler seg imellom om å ta ansvar for kvarandre ved karantene eller sjukdom. I dei tilfella ein bonde blir ramma av korona, skal andre kunne overta. Dette er spesielt viktig i husdyrproduksjonen.
Landbruket har peika på køyre- og kviletidspålegga som eit kritisk punkt og ba om dispensasjon. Samferdselsdepartementet har skrive brev til Statens vegvesen om å følgje opp dette.
På grunn av koronasituasjonen er det store utfordringar knytt til mangel på utanlandske arbeidarar i landbruket, som følgje av stengte grenser og karantenerestriksjonar. Problemet er særleg stort i grøntnæringa. Landbruket har totalt eit behov på ca. 18 000 sesongarbeidarar gjennom året. Arbeids- og sosialdepartementet vedtok 24.03.20 ei endring i utlendingsforskrifta som gjer at utanlandske arbeidstakarar som allereie er i Noreg, kan få forlenga opphaldsløyve. Denne endringa er svært viktig for landbruket. Det er allereie no fleire hundre arbeidarar i landet som kan få forlenga opphaldsløyva si i Noreg. Det vil avhjelpe akutte problem hos enkelte produsentar som manglar arbeidskraft.
I tillegg til å forlenge opphaldsløyve for utanlandske arbeidstakarar som allereie er her, arbeider vi vidare med tre spor. Det eine er å skape incentiv for bruk av ledig norsk arbeidskraft, det andre er avklaring av kva som er muleg når det gjeld tilgang på arbeidskraft frå utlandet og det tredje er risikoavlastande tiltak. Grøntsektoren er ei spesialisert næring, og har behov for personell med ulik kompetanse. Ei rekkje sesongarbeidarar frå utlandet har denne kompetansen. Mangel på arbeidskraft i landbruket har høg prioritet, og problema må løysast raskt. Eg arbeider nært saman med næringa og fleire departement for å finne gode løysingar.