Jenny Klinge (Sp): Er statsråden fornøgd med situasjonen for hundetenesta ved Kriminalomsorga region nord?
Begrunnelse
Hundetenesta til Kriminalomsorga er det mest effektive verkemiddelet kriminalomsorga har for å avdekke narkotika i fengsel. Eg har fått informasjon om at det for Kriminalomsorga region nord er berre ein enkelt hunderessurs som skal dekke alle fengsla mellom Trondheim og Vadsø. Tenesta er eigentleg dimensjonert for tre hundeekvipasjar, men har sidan 2018 berre hatt ein tilgjengeleg hund, så vidt eg forstår. Dette framstår som lite tilfredstillande.