Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1477 (2019-2020)
Innlevert: 30.04.2020
Sendt: 30.04.2020
Besvart: 08.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Hvor mange nye elbilladestasjoner legges det opp til å bygge i 2020?

Begrunnelse

Regjeringen kom i 2019 med en Handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff, og har en ambisjon om å kutte i klimagassutslippene fra transportsektoren med 50 prosent innen 2030, sammenlignet med 2005. Disse kuttene kan i stor grad tas ved innfasing av null- og lavutslippsteknologi, men forutsetter at teknologien er moden nok.
For å få til dette må en legge til rette for innfasing av kjøretøy og fartøy med nullog lavutslippsteknologi gjennom blant annet avgiftssystemet, bruksfordeler og statlige støtteordninger som Enova. Det må samtidig bygges opp fylle- og ladeinfrastruktur for disse kjøretøyene og fartøyene. Denne handlingsplanen tar for seg regjeringens innsats for etablering av infrastrukturen for alternative drivstoff i transport.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Regjeringa legg til grunn at utbyggjinga av infrastruktur for alternative drivstoff skal vere marknadsdriven. Det er ønskjeleg at det på eit så tidleg stadium som mogleg skjer utan stønad frå Enova. Etterspørsel etter lading skal skape grunnlag for aktørar til å etablere ladeinfrastruktur på kommersiell basis, på same måte som for bensinstasjonar. Dette inneber at staten ikkje alltid har oversikt over kor mange ladestasjonar som blir etablert. I byar sørgjer marknaden allereie for utbygging av nødvendig hurtigladeinfrastruktur utan stønad. I januar 2020 var det om lag 13 700 offentlege ladestasjonar i Noreg.
Enova er staten sitt verkemiddel for å etablere offentlege hurtigladarar der det framleis er behov for offentleg stønad. Enova følgjer med på utviklinga og tilpassar programma sine slik at dei hjelper til å få på plass den nødvendige infrastrukturen, og samstundes skapar grunnlag for kommersielle marknader.
I 2019 og 2020 har Enova kunngjort konkurransar om områdeutbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur i utvalde område der det framleis er behov for offentleg stønad. Første runde av programmet vart retta mot Finnmark og Nord-Troms, kor Enova i den første av tre pakkar har støtta bygging av sju ladestader for hurtiglading med om lag 16,5 millionar kroner. I november 2019 vart det utlyst ei konkurranse om utbygging av ladeinfrastruktur i Nordland.
Enova har støtta utbygginga av ein grunnleggjande hurtigladeinfrastruktur for elbilar med til saman om lag 87 millionar kronar. Enova har totalt støtta 253 hurtigladestasjonar.