Svar
Sveinung Rotevatn: Eg vil understreke at denne regjeringa gjer mykje for å ta vare på natur. Vi har dei siste åra auka budsjetta og sett i gong ei rekkje tiltak som vil gi gode resultat for naturmangfaldet i Noreg. Difor tek eg rapportane frå FN sitt naturpanel og FN sitt klimapanel på alvor. Begge viser tydeleg at vi må ta ytterlegare grep for både klimaet og naturen. Dette er ei oppgåve som regjeringa vil prioritere høgt.
Sjølv om tilstanden til norsk natur er relativt god, mister vi viktig natur også i Noreg. I fleire område blir tilstanden gradvis forverra. Difor tek vi fleire grep for å snu denne trenden, og vi jobbar breitt og med ulike tiltak og planar for å ta vare på naturen. Tiltaka for naturen vil vere ulike fordi trugslane også er mange og ulike. Vi må ofte bruke ein kombinasjon av verkemiddel. Både miljøstyresmaktene og andre styresmakter har verkemiddel for å ta vare på natur, og vi skal alle trekkje i same retning. Vi skal ha betre natur, vi skal ha meir natur, vi skal redde artane, vi skal verne litt meir av alt, vi skal hjelpe til med å få på plass ein Paris-avtale for natur, og vi styrker innsatsen mot miljøkriminalitet. Når vi no er godt i gong med alle desse tiltaka, meiner eg at vi tek mange initiativ slik representanten ber om. Når det gjeld eventuelle motkonjunkturtiltak i samfunnet, slik representanten tek opp, er dette noko regjeringa har varsla at vil kome som en eigen sak til Stortinget i slutten av mai.
Å restaurere myr og anna våtmark er eit svært viktig tiltak for å følgje opp det internasjonale målet om å restaurere minst 15 prosent av øydelagde økosystem innan 2020. I 2020 vil regjeringa bruke 21,6 millionar kroner til dette. Til no har vi restaurert og stengt grøfter i over 60 myrer i ei rekkje verneområde. Vi har ein plan for restaurering av våtmark i Noreg for 2016-2020. Den blir no oppdatert av Miljødirektoratet for å gjelde for 2021-2025. Døme på verneområde der ein har restaurert myr i 2019 er Gaupesteinmarka naturreservat i Oslo og Viken, Skjellingshovde naturreservat i Innlandet og Åmsmyra naturreservat i Møre og Romsdal. Ein har òg restaurert myr på Oslo kommune sin eigedom. Statskog SF og Miljødirektoratet har inngått ei avtale om å restaurere myr og anna våtmark på Statskog sin grunn. I Kjeller i Akershus er det planlagt endring av bekkeløp med mål om å forseinke vatnet i vassdraget.
For 2020 har Klima- og miljødepartementet løyvd nær 30 millionar kroner til vassdragsrestaurering og liknande tiltak. Brorparten av dette går til opning av bekkelukkingar, fjerning av vandringshinder og forbetring av gyte- og oppveksttilhøva for sjøaure. Klima- og miljødepartementet ga i april i år Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til strategisk plan for restaurering av vassdrag for perioden 2021-2030, med levering i september 2020. Planen skal ta sikte på å oppnå internasjonale og nasjonale miljømål for restaurering av vassdrag, bidra til Noregs gjennomføring av Vassdirektivet og medverke til å følgje opp FN sitt restaureringstiår.
Mange artar og naturtypar treng at vi set inn aktive tiltak for å ta vare på dei. Budsjetta er auka for å gjennomføre fleire slike tiltak. Tilskotsordninga for truga natur bidreg til skjøtsel av store areal med artsrik natur, til dømes skjøtsel av slåttemark, kystlynghei og hole eiker. Så langt er 3 000 verdifulle slåttemarker kartlagt her i landet. 780 slåttemarker er i langsiktig drift, og blir slått jamleg. Talet på slåttemarker som blir halde i drift har gått kraftig opp sidan slåttemarkene fikk ein eigen handlingsplan i 2009. I 2015 fekk dei mest verdfulle kystlyngheiane status som utvald naturtype etter naturmangfaldlova.
Denne regjeringa har auka talet på utvalde kulturlandskap i jordbruket frå 22 område i 2016 til 46 område i 2020. Ordninga er eit spleiselag mellom miljøforvaltninga og landbruksforvaltninga og formålet er å ta vare på natur og kulturverdiar i dei utvalde kulturlandskapa gjennom restaurering, skjøtsel og aktiv jordbruksdrift. Landbruket har og auka sine tilskot til skjøtsel av naturverdiar til dømes gjennom tilskot til Regionalt miljøprogram (RMP), Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Miljøtiltak i skog (NMSK).
Vi har nyleg hatt på høyring forslag om elfenbeinslav som ny prioritert art. Vi bad også om innspel på olivinskog og open grunnlendt kalkmark som to nye utvalde naturtypar. Desse er alle døme på sterkt truga natur i Noreg som det er viktig å ta vare på.
Regjeringa har sett i verk ei rekke varige tiltak for å sikre mangfald av villbier og andre pollinerande insekt for framtida. Til dømes innførde vi i 2018 ei eiga tilskotsordning for pollinerande insekt på 3 millionar kroner årleg. Det er lagt til rette for 242 kilometer blomesonar i jordbruket. Denne sommaren startar vi opp eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt som vil sørge for at vi får ein god auke i kunnskapen vi treng for å setje inn tiltak der dei nyttar mest. Dette er viktige grep for dei mange sjeldne og truga insekta. I 2018 kom regjeringa med ein pollinatorstrategi, som vi no skal følge opp med ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt. Vi tek sikte på å leggje fram planen i løpet av 2020.
Regjeringa har styrkt innsatsen mot framande skadelege artar, mellom anna ved å auke budsjetta med 10 millionar kroner i 2019 til nedkjemping av framande skadelege artar. Det er også avklart at skogbruket kan nytte ordninga for miljøtiltak i skog (Nærings- og miljøtiltak i skog) til uttak av framande treslag utanfor produksjonsbestand av slike treslag. Vidare kjem regjeringa snart med ein tverrsektoriell tiltaksplan som legg opp til ei tydelegare prioritering av innsatsen mot framande skadelege organismar slik at dei negative påverknadene på truga og anna verdifull natur blir mindre.
Regjeringa meiner at god kommunal planlegging er ein nøkkel for å gjennomføre ei god forvaltning av miljøomsyn. Difor arbeidar regjeringa kontinuerleg med å styrke kommunane sin kompetanse om miljø. Dette omfattar mellom anna økologisk grunnkart, metodikk for miljøomsyn i konsekvensutgreiingar, heilskaplege forvaltningsplanar for natur, og verkemiddel slik som utvalde naturtypar.
I 2020 vil regjeringa dessutan bruke om lag 110 millionar kroner til kartlegging av natur og arbeid med det økologiske grunnkartet. Grunnkartet skal vise kor vi finn ulike typar natur og gjere denne kunnskapen lett tilgjengeleg. Det økologiske grunnkartet skal bli lansert i løpet av 2020 og vil styrke kunnskapsgrunnlaget mellom anna i kommunane si arealplanlegging. Vidare utviklar Miljødirektoratet generell metodikk om miljøomsyn i konsekvensutgreiingar og rettleiing om arbeid med konsekvensutgreiingar. Desse tiltaka er med på å styrke kompetansen om natur og andre miljøomsyn i kommunane.
Miljødirektoratet har fått midlar til å støtte kommunar som lagar kommunedelplanar for natur. Dette er eit tiltak som styrkar kompetanse og merksemd om natur i kommunane, samstidig som vi vil bruke kommunane sine erfaringar til å utvikle vidare rettleiinga om forvaltning av natur i planlegging.
Dette er eit utval av grepa vi tek, som er viktig for naturmangfaldet vårt. Eg er oppteken av å ta vare på økosystema våre og forvalte dei på ein god og berekraftig måte. Vi skal halde fram med det systematiske arbeidet som regjeringa har sett i gong. Eg er overtydd om at det over tid vil gje gode resultat.