Ingrid Heggø (A): Vil statsråden sjå til at det blir etablert eit systematisk samarbeid mellom lokalt brannvesen og lokale bønder, for å styrke brannberedskapen i distrikta og på bygdene?
Begrunnelse
Under storbrannen i Lærdal i 2014 vart bidraget frå lokale bønder med gjødselvogner peikt på som avgjerande for at ikkje fleire av dei verna trehusa på Lærdalsøyri brann ned. Under ein fjøsbrann i Guddal i Fjaler 3. juni i år, vart tre bustadhus og kring 20 kyr berga av raske respons frå naboar med gjødselvogner.
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, tar no til orde for at bøndene må bli ein del av brannberedskapen på bygdene, og avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap seier til NRK at lokale bondelag og brannvesenet bør samarbeide om dette.