Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til statsministeren

Dokument nr. 15:1917 (2019-2020)
Innlevert: 12.06.2020
Sendt: 15.06.2020
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart på vegne av: Klima- og miljøministeren
Besvart: 24.06.2020 av statsminister Erna Solberg

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Når vil statsministeren innføre et regelverk som gjør at biodrivstoff med høy avskogingsrisiko ikke kan brukes til å oppfylle det lovpålagte omsetningskravet for biodrivstoff, og dermed sørge for at Norge ikke lenger bidrar til å rasere regnskog og frata urfolk livsgrunnlaget gjennom biodrivstoffpolitikken vår?

Begrunnelse

Norge gjør hvert år en formidabel innsats for å stanse ødeleggelsen av verdens regnskoger. Dette er et svært viktig klimatiltak, det er avgjørende for å ta vare på biologisk mangfold. Regnskogen er også livsgrunnlaget til noen av verdens fattigste og marginaliserte folkegrupper, i all hovedsak urfolk. Statsministeren har selv vært i Indonesia og sett den forferdelige livssituasjonen for urfolksgrupper som blir fratatt skogsområdene de har levd i i generasjoner, når skogen blir erstattet med palmeoljeplantasjer. «Plutselig fortrenges de og har ikke lenger et grunnlag for å skaffe seg det de skal spise,» sa statsministeren den gang til NTB.
Stadig ekspanderende palmeoljeproduksjon er en hovedårsak til at regnskogen i Indonesia ødelegges og urfolk fortrenges. De siste årene har det vært biodrivstoff som er årsaken til den økende etterspørselen etter palmeolje, og i EU brukes det mer palmeolje til drivstoff enn til mat. Dette er også tilfelle i Norge, der det i fjor ble brukt minst 111 millioner liter palmeoljediesel. Dette tilsvarer 17 % av alt biodrivstoff i Norge. Norge bidrar derfor til den store etterspørselen etter palmeolje, og til at regnskogsområder blir rasert og urfolk mister livsgrunnlaget sitt. Det er derfor svært bra at regjeringen i Granavoldenplattformen har forpliktet seg til å utelukke biodrivstoff med høy avskogingsrisiko, som palmeolje, fra norsk biodrivstoffpolitikk. Dette skulle ha skjedd fra 1. januar i år, men fortsatt er det fullt mulig for drivstoffkjedene å bruke palmeoljediesel til å nå det lovpålagte omsetningskravet for biodrivstoff.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Regjeringa er svært oppteken av at biodrivstoffet som blir omsett i Noreg er så berekraftig som mogeleg og at det reduserer utsleppa både nasjonalt og globalt. Vi er også opptekne av at biodrivstoffpolitikken ikkje bidreg til å rasere regnskog og tek frå urfolk livsgrunnlaget.
Eg ønskjer å presisere at biodrivstoffet som i dag blir brukt til å oppfylle omsetningskravet og blir fylt på norske tankar, ikkje kjem frå avskoging. Berekraftskriteria i produktforskrifta, sikrar at biodrivstoffet ikkje blir laga av råstoff som er dyrka på areal som har vore regnskog etter 1. januar 2008.
Det er likevel rett at bruken av biodrivstoff i Noreg fører til at den globale etterspørselen aukar slik at produksjonen av råstoff blir ekspandert. Indirekte kan dette føre til avskoging. Frå 1. juli blir vegbruksavgift innførd på alt biodrivstoff, også det utanfor omsetningskravet. På denne måten vil det ikkje lenger vere lønnsamt å selje biodrivstoff over omsetningskravet. Frå 1. juli blir også omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk auka frå 20 til 22,3 pst. Delkravet til avansert biodrivstoff blir auka frå 4 pst. til 6,1 pst. Omsettingskravet skal aukast vidare frå 1. januar 2021. Omsynet til å avgrense risiko for biodrivstoff med høg avskogingsrisiko skal vere ein del av denne vurderinga.
Å forby biodrivstoff med høg avskogingsrisiko er handelsrettsleg, handelspolitisk og utanrikspolitisk utfordrande. Regjeringa vil derfor ikkje innføre forbod mot biodrivstoff med høg avskogingsrisiko. Regjeringa vil i staden at framtidig auke i omsetningskrava for vegtrafikk og luftfart i hovudsak skal skje ved å auke krava for avansert biodrivstoff. Avansert biodrivstoff er framstilt av avfall og restar og aukar i utgangspunktet ikkje presset på tropisk avskoging.
Å skilje mellom biodrivstoff med høg og låg avskogingsrisiko, slik representanten foreslår, er noko regjeringa har til vurdering. I mai 2019 vedtok EU ei delegert forordning (2019/807) under det reviderte fornybardirektivet (2018/2001). Den delegerte forordninga tek utgangspunkt i kva slag råstoff som globalt har trengt inn på areal med høgt karbonlager, slik som regnskog. Forordninga inneheld blant anna kriterium for å definere kva typar råstoff som inneber høg risiko for indirekte arealbruksendringar (avskogingsrisiko). Kriteria vil brukast til å fase ut slikt biodrivstoff frå medlemslanda si oppnåing av fornybarmåla i perioden frå 31. desember 2023 til 2030. Det faglege underlaget er ikkje heilt klart og skal vurderast av EU-kommisjonen fram mot 30. juni 2021. Det er også ei moglegheit for EU-kommisjonen til å justere den delegerte forordninga innan 1. september 2023.
Regjeringa følgjer arbeidet i EU, og vil vurdere å leggje EU sine kriterium for skiljet mellom råstoff med låg og høg risiko for indirekte arealbruksendringar til grunn for norske omsettingskrav. Regjeringa si endelege vurdering vil avvente EU si vurdering og gjennomføring av kriteria. Regjeringas vurdering vil òg omfatte utanriks- og handelspolitiske konsekvensar og forholdet til våre folkerettslege skyldnader.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utvikla ein rettleiar for innkjøparar av drivstoff. Den vil hjelpe ambisiøse innkjøparar i å velje drivstoff med god klimanytte og låg risiko for indirekte arealbruksendringar, inkludert avskoging. Miljødirektoratet publiserer på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet frå 2019 meir detaljert informasjon om råstoffet og opphavslandet til biodrivstoffet i sal. Denne informasjonen kan hjelpe forbrukarane med å velje biodrivstoff med best klimanytte.