Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1986 (2019-2020)
Innlevert: 21.06.2020
Sendt: 22.06.2020
Besvart: 25.06.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Knut Arild Hareide har tidlegare uttrykt klart at Stad skipstunnel må byggjast og at det har vore mange nok utgreiingar av prosjektet. Hareide sit no sjølv med ansvaret for Samferdselsdepartementet.
Kvifor vil ikkje statsråden sørgje for å starte opp bygginga i staden for å leggje opp til nye rundar?

Begrunnelse

Samferdselsdepartementet har bestilt endå ein utgreiingsrapport om Stad skipstunnel, og i ei fråsegn frå Stad kommune frå 19. juni om saka står det:

«Dette er i strid med klare signal både frå førre Samferdsleminister Jon Georg Dale og noverande Knut Arild Hareide, som seinast i april 2020 opplyste i møte med prosjektgruppa for Stad Skipstunnel at departementet no hadde den dokumentasjonen som var nødvendig, og at det ikkje var nødvendig med fleire utgreiingar enn dei over 20 som allereie ligg på bordet.»

Vi kan finne fleire utsegner som Knut Arild Hareide har hatt om skipstunnelen, og 16. mars 2013 meldte NRK Møre og Romsdal dette:

«Hareide seier det kviler eit stort ansvar på Høgre for å få bygd skipstunnelen, dersom det blir eit regjeringsskifte til hausten.
– Vi ønskjer å få til eit regjeringsskifte, og utan støtte frå Høgre er det svært vanskeleg å få Stad skipstunnel realisert. Det kviler eit veldig stort ansvar på Høgre i denne saka, sa Hareide under fylkesårsmøtet.
Då Knut Arild Hareide innleidde fylkesårsmøtet i KrF i Ålesund etterlet han ingen tvil om kvar KrF står.
– Skipstunnelen gjennom Stad bør byggjast etter mange år med prat og utgreiingar, sa han.
Den planlagde skipstunnelen som skal bringe skip trygt forbi Stad, har vore utgreidd heile 19 gongar. Det har så langt ikkje ført fram. Hareide meiner det lokale engasjementet må til hovudstaden.
– Eg opplever at det er eit stort regionalt engasjement for saka, det engasjementet må no også inn til Oslo, sa Hareide.»

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Kystverket leverte i 2017 eit forprosjekt for Stad skipstunnel. Forprosjektet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2) som blei ferdig i mai 2018. Kvalitetssikringa viste at forventa kostnad har auka til 3,7 mrd. kroner.
Kystverket fekk etter dette i oppdrag å gå gjennom prosjektet med sikte på å redusere kostnadene ned mot investeringsramma som låg til grunn for behandlinga av Nasjonal transportplan 2018-2029. Kystverket leverte sin gjennomgang før sommaren 2019.
Det er Kystverket sine forslag til kostnadsreduserande tiltak som nå skal gjennom ein oppdatert kvalitetssikring.
Eg vil påpeike at nemnte oppdatering berre omfattar dei delane av prosjektet som er endra sidan 2018, og ikkje er å forstå som ein ny kvalitetssikring av heile prosjektet. Formålet er å få ein uavhengig kvalitetssjekk på den siste utgreiinga som Kystverket leverte før sommaren 2019. Denne utgreiinga fører med seg såpass store endringar i prosjektet at det er viktig å gjere ein slik oppdatering av kvalitetssikringsrapporten innanfor ramma av det gjeldande regimet for ordninga. Dette er viktig for å sikre at prosjektet kan gjennomførast utan ytterlegare utsetjingar. Regjeringa vil, på same måte som med andre prosjekt, ta stilling til vidare oppfølging i samband med budsjettprosessen.