Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2017 (2019-2020)
Innlevert: 22.06.2020
Sendt: 22.06.2020
Besvart: 01.07.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Hva er tiltakskostnaden i kroner pr. tonn CO2-ekvivalenter for restaureringen av de to myrene ved Bjørkestul på Kongsberg, og hvor stor er denne kostnaden pr. tonn CO2-ekvivalenter sammenlignet med hva det ville kostet å kultivere skog som fungerer som karbonlager på samme areal?

Begrunnelse

Fylkesmannen i Oslo og Viken, samt Statens Naturoppsyn (SNO), gjennomfører i samarbeid med Statskog for tiden «restaurering» av tidligere grøftet myr i to myrer på Statskogs grunn ved Bjørkestul på Kongsberg. Arbeidet går ut på å fylle igjen alle grøfter og tette utløpet, slik at vannstanden i området heves. I presentasjonen av prosjektet heter det at «ved å øke vannstanden reduseres klimagassutslipp, områdets verdi for dyr og planter øker, og tiltaket kan ha en lokal flomdempende effekt». Tiltaket å restaurere myr blir av statsråd Rotevatn i Laagendalsposten den 11. juni presentert som et viktig arbeid for å bygge opp karbonlagre som er redusert fra menneskers kultivering av myrer.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Slike tal som representanten Lundteigen spør etter, er ikkje tilgjengelege for kvart enkelt prosjekt. Eg meiner dessutan at ein ikkje kan bruke slike tal til å vurdere om restaureringa av myrene ved Bjørkestul er formålstenleg.
Vi restaurerer myr der dreneringa ikkje har gitt den effekten ein ønskte seg. Statskog har vurdert området ved Bjørkestul med omsyn på dette. Dei fann ut at skogen har dårlege vilkår for å vekse. Alternativet er dermed ikkje skogproduksjon og skogbruk.
Målet med å restaurere myrene ved Bjørkestul er både å minske utslepp av klimagassar og å betre den økologiske tilstanden på myra. Det vil mellom anna seie at myrvegetasjon og dyreliv knytt til naturtypen vil kome tilbake. Fordi reduserte klimagassutslepp berre er eit av fleire formål, blir det ikkje riktig å vurdere tiltaket ut frå tiltakskostnaden i kroner per tonn CO2-ekvivalentar.
Restaureringa av myr ved Bjørkestul på Kongsberg er utrekna å koste kr. 550 000,-. Det er i alt om lag 2900 meter grøfter. Dette gir ein pris på kr. 190,- per meter grøft tetta. Det er om lag same pris som den nasjonale snittprisen for restaurering av myr (kr. 197,- per meter grøft tetta). Dette er tal som inkluderer prosjektering, rigg og utføring og tala gjeld for dei myrområda kor vi har alle naudsynte data.
FN sitt Klimapanel trekk fram bevaring av karbonrike areal som våtmark og myr som eit effektivt tiltak med umiddelbar verknad for klimaet, medan restaurering av myr og våtmark er klimatiltak som vil ha effekt på noko lengre sikt. Til saman har restaurering og redusert omgjering av myr og våtmarker potensial til å redusere klimagassutsleppa globalt med meir enn 3 Gigatonn CO2 per år. Klimakur 2030 viser at forbodet mot dyrking av myr vil gje ein samla utsleppsreduksjonen for perioden 2021–2030 på 420 000 tonn CO2-ekvivalentar. Bevaring og restaurering av våtmark er i følgje FN sitt Klimapanel og Naturpanelet òg eit tiltak for klimatilpassing.
Klimamotiverte tiltak i skogen bør ta omsyn til kva for område som er særs viktige for naturmangfaldet. Der det er mogleg, satsar regjeringa på vinn-vinn-tiltak med positiv effekt for både klima og naturmangfald. Restaurering av myr er eit døme på dette.
Å plante skog på nye areal vil auke karbonlageret i skogen på lang sikt. Slik planting må være tufta på grundige faglege avvegingar mellom klima-, miljø- og næringsomsyn. Regjeringa har gjennomførd ei treårig pilotordning og denne ordninga vart evaluert i 2019. Regjeringa vurderer no det vidare arbeidet med planting av skog på nye areal på bakgrunn av erfaringane frå pilotordninga.