Solfrid Lerbrekk (SV): Korleis vert verdien av matjord målt opp mot andre verdiar ved valg av vegtrasé, og seinare utbygging av veg?
Begrunnelse
Det skal bli meir veg mellom Lyngdal i Agder og Ålgård i Rogaland. Målet er ein firefeltsveg med 110 km/t. Ein langvarig prosess er nå på stadiet der Kommunaldepartementet og Samferdsledepartementet, i samråd med Landbruks og matdepartementet, skal velga endeleg trasé.
18.06.20 kom Statens vegvesen med sin anbefaling. Det vart overraskande den lengste og dyraste R2-traseen. For å gjera den lekrare er bruer og tuneller redusert betydeleg. Vegen skal nå passere 290 moh. mot dagens 275 moh. Som har vist seg trøblete ved snøvèr. Jordregnskapet som låg til grunn i høyringsprosessen er betrakteleg endra, men ikkje dokumentert.
Grunnen for endring av anbefaling er mineralverdiane som ligg i fjellgrunnen som trasé R1, som var den opprinneleg foretrukne og kortaste traseen, passerer. Desse verdiane kan, når det trengs, tas ut i ei kilometervis lang åpen gruve som då skal ligga mellom Bjerkreim i nord til Lund i sør. Desse verdiane vert ikkje øydelagt med bygging av veg.
Vegen kjem berre til å gjera dei litt meir vanskelege å få tak i den gongen verda treng meir titan og fosfor.
Matjorda derimot, har sin verdi i dag. Den som ikkje allereie er dyrka vert nytta til beiting. Og det som er utmark er ein del av det viktige urørte biologiske mangfoldet.
Det ser ut som Statens vegvesen har valgt morgondagens verdi framfor dagens verdi. Matjorda produserer mat og arbeidsplassar, medan gruvedrifta produserer berre arbeidsplassar.
Ein ny E39 vil ikkje vera øydeleggande for mineralverdiane i like stor grad som den vil øydelegga matjorda som vert berørt.