Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2076 (2019-2020)
Innlevert: 28.06.2020
Sendt: 29.06.2020
Besvart: 02.07.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): TV2 har i flere nyhetsoppslag problematisert ulike sider ved plastgjenvinning. Kun en tredjedel av plasten forbrukerne sorterer blir gjenvunnet. Det er ingen kontroll av merking. Grønt Punkt Norge har nærmest monopol på veiledning og merking. Det mest effektive er å gi produsentene ansvar for merking og dermed incentiv til å utvikle emballasje som kan gjenvinnes. Forbruk av plast forventes å tredobles de neste 30 årene.
Vil ministeren revurdere forslaget om et utvalg for å se på produsentansvar, eller bare passivt vente på EU?

Begrunnelse

Viser til spørsmål 15:1293 innlevert 1.april 2020 med forslag om å nedsette et utvalg for å se på en ny innretning av produsentansvaret for å nå målet om økt materialgjenvinning i en sirkulær økonomi.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Produsentar eller importørar av emballasje er pliktige å vere medlem i eit godkjent returselskap. Når det gjeld plastemballasje er om lag 85 prosent av produsentane og importørane som er medlem av eit returselskap, medlem av Plastretur AS, som igjen er ein del av systemet til Grønt Punkt Norge. Myndigheitene sett mellom anna krav til kor stor del av plastemballasjen som skal materialgjenvinnast, og då er det opp til produsentane, gjennom returselskapa, å lage effektive og gode ordningar slik at dei når det målet. Merking er ein del av dette. Difor har til dømes Grønt Punkt Norge retningslinjer for sine medlem om merking av emballasje. I og med at dei har ansvaret for den største delen av plastemballasjen som setjast på marknaden er det difor deira merking som i hovudsak blir brukt. Det er viktig at det blir brukt merking som gjer at emballasjen blir sortert riktig, noko kvar og ein produsent, importør eller brukar av emballasje har mindre føresetnad enn returselskapa for å kunne vurdere. Det er òg eit poeng med produsentansvaret at det er næringa sjølv som skal utforme og gjennomføre dei praktiske løysingane.
Representanten viser òg i grunngjevinga til tidlegare spørsmål nr. 1293 frå april 2020 med forslag om å setje ned eit utval som skal sjå på produsentansvarsordningane, og spør om eg vil revurdere mitt svar.
I mitt førre svar sa eg at eg no skal lage ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi og samstundes gjennomføre dei nye krava i rammedirektivet om avfall frå EU. Det er då naturleg óg å sjå på korleis produsentansvarsordningane fungerer. Velfungerande ordningar er viktige for at vi skal nå auka krav til materialgjenvinning.
Dei siste månadene har utfordringane knytta til plastemballasje auka, og eg er i dialog med næringa om dette. Det er ikkje merkeordningane som utgjer den største utfordringa. Innspel frå næringa blir viktige når eg skal sjå på korleis produsentansvarsordningane fungerer i samband med utviklinga av strategien for sirkulær økonomi. Eg er einig i at miljømyndigheitane skal sjå på korleis produsentansvaret fungerer, men eg ser det ikkje som naudsynt med eit eige utval.