Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2122 (2019-2020)
Innlevert: 30.06.2020
Sendt: 30.06.2020
Besvart: 07.07.2020 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er den årlege kostnaden for Noreg og kor mange årsverk i offentleg verksemd går med til å hjelpa i førebuing, implementere og følgje opp EU-direktiv og forordningar inn i det norske lovverket?

Begrunnelse

Stortinget mottok i juni 2020 brev med halvårleg informasjon om antatt EØS-relevant EU-regleverk. Den første lista inneheld føreslått EU-rettsaktar med antatt EØS-relevans, forslag til rettsaktar under handsaming i Europaparlamentet og Rådet (europaparlaments- og rådsrettsaktar). Den andre lista inneheld føreslått EU-rettsaktar med antatt EØS-relevans, forslag til rettsaktar under komitéhandsaming eller sendt til Europaparlamentet og Rådet for klarering (kommisjonsrettsaktar, kommisjonsgjennomføringsrettsaktar og delegerte kommisjonsrettsaktar). Den tredje lista inneheld vedtekne EU-rettsaktar med antatt EØS-relevans. For Noreg er det både ressurskrevjande og kostbart å implementere EU-rettsaktar inn i det norske regelverket. Det er difor av interesse å vite omfang av kostnad og ressursbruk.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Arbeidet med EU/EØS-saker inngår som ein del av ordinære og løpande oppgåver i offentleg forvaltning. Dette gjeld for departementa, direktorat, ytre etatar og kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Førebuingar, gjennomføring og oppfylging av EØS-relevant regelverk er ein integrert del av arbeidskvardagen i offentleg forvaltning, og blir handtert innanfor eksisterande system og ressursar, både personal- og kostnadsmessig. Arbeidet med EU/EØS-saker kan ikkje på ein enkel måte skiljast ut frå andre oppgåver i norsk forvaltning.
EU/EØS-arbeidet i forvaltninga er belyst i NOU 2012:2 «Utenfor og innenfor», som vart laga på oppdrag av dåverande regjering i 2010. Utgreiinga syner at EU/EØS ikkje vert brukt som argument for å tilføra forvaltninga store auka ressursar. Det er ikkje grunn til å anta at ressurssituasjonen i forvaltninga har endra seg nemneverdig sidan den gong. Dette fordi det ikkje er gjort nokon større organisasjonsmessige endringar i norsk forvaltning som har påverka strukturen eller ressurssituasjonen i EU/EØS-arbeidet.
Gjennom EØS-avtalen er Noreg kopla til det løpande arbeidet i EU med å harmonisera og standardisera krav til varer, tenester, kvalifikasjonar m.m. Harmonisering gjennom EØS gir oss fordeler ved at vi tar del i eit til dels omfattande, detaljert og komplisert regelverk av teknisk karakter utforma gjennom grundige felles prosessar der også Noreg aktivt deltar og påverkar. Som enkeltstat hadde det vore eit vanskeleg, kostbart og ineffektivt arbeid å gjera alt dette på eiga hand.