Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2191 (2019-2020)
Innlevert: 01.08.2020
Sendt: 03.08.2020
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart: 11.08.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Hvordan ser justisministeren på at bonden og husdyrene ser ut til å ha mye lavere rettssikkerhet enn rovviltet i praksis?

Begrunnelse

Bonden som mistet sju kyr på beite, og som mener det er bjørn som står bak at dyrene ble så skremte, anmeldte saken til politiet. Politiets teori er at det mest sannsynlig er rovdyr som har vært inne i bildet, og da anser de politiets arbeid som ferdig. SNO sier at det ikke er bjørn, til tross for at det er indisier på bjørn i området, og da har SNO avsluttet saken. Bonden har fått opplyst at den avgjørelsen kan det ikke klages på.
Bakgrunn for spørsmålet er denne saken fra NRK Nordland
https://www.nrk.no/nordland/bonde-pa-fauske-i-nordland-fant-dode-kyr-i-fjorden---frykter-bjorn-og-vurderer-a-legge-ned-garden-1.15100076

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Representanten syner til ei sak frå Nordland der ein bonde fann fleire av kyra sine daude i nærleiken av garden. Det har vore spekulert i kva som orsaka dette, men korkje politi eller personell frå Statens naturoppsyn (SNO) har lukkast i å finne dødsårsaka.
Der det blir funne daude eller skada husdyr og det er mistanke om angrep frå rovvilt, kjem feltpersonell i SNO til plassen og undersøker saka. Fordi skader på storfe ikkje er vanleg, vert slike saker via ei særleg merksemd.
SNO har undersøkt tre kyr hos den aktuelle bonden. Ei kvige som vart funnen daud i fjorden 12. juli, og to kviger som vart funne den 13. juli. Ei av kvigene var i live og vart undersøkt grundig, men det vart ikkje gjennomført ein fullstendig kadaverundersøking. SNO var på staden med tre rovviltkontaktar og ein fast tilsett den 12. juli, og tre rovviltkontaktar den 13. juli. Etter desse tre innmeldingane har ikkje SNO vore bedne om å kome for å undersøkje saka vidare.
Basert på sine undersøkingar, som følgjer SNO sin instruks for rovviltskadar på husdyr og tamrein, har SNO konkludert med at skadane på kvigene ikkje er foreinlege med skader forårsaka av freda rovvilt. Bilete og beskrivingar frå undersøkingane er òg kvalitetssikra av fagansvarlege i SNO utanfor Nordland. Vurderingane er eintydige. Skadane er ikkje er foreinlege med skadar påført av freda rovvilt. Det er einigheit om at skadane kan oppstå som ein følgje av fall og slag. Kva som igjen kan ha forårsaka dette vert berre spekulasjonar.
SNO har ikkje dokumentasjon om at freda rovvilt har vore i området, og har heller ikkje fått opplysningar eller innmeldingar som stadfester at freda rovvilt har vore i området i år, korkje før eller etter skadane oppstod.
Det er soleis gjort grundige undersøkingar for å avklare om rovvilt har forårsaka skadane på kyra, men konklusjonen er at skadane ikkje er foreinlege med skader forårsaka av freda rovvilt. På denne bakgrunn kan eg ikkje sjå at det er grunn for å seie at bonden og husdyra har lågare rettssikkerheit enn rovviltet.