Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2233 (2019-2020)
Innlevert: 09.08.2020
Sendt: 10.08.2020
Besvart: 20.08.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Når vil flyttingen skje, og hvilket området skal binna flyttes til?

Begrunnelse

Viser til avgjørelse fra departementet datert 07.08.2020 om at en bjørnebinne med to unger i Bardu skal flyttes.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Arbeidet med å flytte binna med ungar er ei prioritert oppgåve for Miljødirektoratet. Det er viktig at direktoratet får planlagt flyttinga på ein hensiktsmessig måte. Flyttinga skal skje så raskt og effektivt som mogeleg innanfor rammer som Miljødirektoratet vurderer som fagleg forsvarlege. Kva som er eit egna område å flytte bjørnene til og kva som er rette tidspunkt for å gjere forsøk på flytting, er opp til Miljødirektoratet å vurdere. Det er likevel klart at området må vere prioritert til bjørn og at lokale myndigheiter vil bli informert.
Det er særs lite erfaring med å flytte brunbjørn i Noreg. Den aktuelle binna med ungar er ikkje radiomerka, noko som gjer det utfordrande å spore opp bjørnane før flytting. Det er med andre ord knytt betydelege utfordringar til eit forsøk på å flytte denne bjørnefamilien, og oppdraget eg har gitt Miljødirektoratet er krevjande.