Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2381 (2019-2020) Innlevert: 23.08.2020 Sendt: 24.08.2020 Besvart: 28.08.2020 av næringsminister Iselin Nybø
Geir Pollestad (Sp): Meiner statsråden det er krise i reiselivsnæringa i Noreg, og kva økonomiske tiltak vil statsråden ta initiativ til for å hjelpa næringa som fylgje av Koronasituasjonen?
Iselin Nybø: Det er ingen tvil om at delar av reiselivet er i ei krise og i ein alvorleg situasjon som me må bu oss på kjem til å vare framover. Difor har eg oppmoda bransjen til å omstille seg og til å tilpasse seg den nye kvardagen. Regjeringa har stilt til disposisjon midlar for å avhjelpe situasjonen og for å hjelpe reiselivet med denne omstillinga. Reiselivsnæringa er kreativ og marknadsorientert, og har tidlegare vist at omstilling er mogeleg og at ho evnar å gjera det på ein god måte.Eg følger utviklinga i reiselivsnæringa nøye, både gjennom kontakt med organisasjonane i reiselivet og gjennom direkte kontakt med verksemder i næringa. Reiselivsnæringa er ein av næringane som er hardast råka av lågare etterspørsel og mindre reising som følgje av koronapandemien og smitteverntiltaka som er sett inn som fylgje av denne. Reiselivsnæringa mista mykje av kundegrunnlaget då smitteverntiltaka vart innført, og har sidan vore i ein utfordrande situasjon. Nokre reisemål har lagt bak seg ein relativt god sommar, men fleire slit. Nå ser vi teikn til korleis hausten kan bli med tanke på spreiing av covid-19-smitte og trong for reiserestriksjonar. Det er lite som tyder på at det vil kome veldig mange utanlandske gjestar til Noreg i haust. Regjeringa har stilt til disposisjon midlar for å hjelpe næringa gjennom krisa. I tillegg til omstillingsordninga har vi etablert kompensasjonsordning og lønstilskot, samt utvida permitteringsordninga. Alle desse tiltaka har vore viktige for reiselivet. Regjeringa vurderer fortløpande trong for smitteverntiltak, korleis dei verker på næringslivet og eventuelle tiltak for kompensasjon og omstilling. Vi jobbar derfor kontinuerleg med avbøtande tiltak for bedriftene og vurderer samstundes behovet for nye hjelpetiltak for reiselivet framover. I arbeidet er vi opptekne av at komande hjelpetiltak for reiselivet skal være målretta, og ha god effekt på både kort og lang sikt.Vi ser at reiselivet har behov som regjeringa må møte også for hausten 2020. Derfor planlegg vi for ein proposisjon som vil komme tidleg på hausten.