Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for at val av organisasjonsform ikkje er avgjerande for om ein får dekka koronatap eller ikkje?
Begrunnelse
Det er fleire døme på at val av organisasjonsform har innverknad på om ein får dekka tap eller ikkje.
Av smittevernomsyn er Bjerkreimsmarken avlyst. Her får ein ikkje dekka tap fordi ein er organisert som ei forening. Det betyr at lag og organisasjonar i ei bygd taper over ein million kroner til viktig aktivitetar.
Eit anna døme på at organisasjonsform avgjer om ein før stønad eller ikkje er Bryne Kino. Time kommune har ikkje eige organisasjonsnummer på kinodrifta og det er heller ikkje skild ut som eige AS eller kommunalt foretak. Ein har vald ei ubyråkratisk og enkel organisering. Konsekvensen av dette er at Time kommune ikkje får dekka tapet kinodrifta har hatt.