Skriftlig spørsmål fra Åsmund Aukrust (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2576 (2019-2020)
Innlevert: 10.09.2020
Sendt: 11.09.2020
Besvart: 18.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Åsmund Aukrust (A)

Spørsmål

Åsmund Aukrust (A): Hvordan ser statsråden på situasjonen for verdensarvsentrene, og er det vurdert tiltak og ordninger som kan skape forutsigbarhet for sentrene?

Begrunnelse

Norge har i dag åtte oppføringer på UNESCOs liste over kultur- og naturarv av fremstående universell verdi. Det er Klima- og miljødepartementet som gir autorisasjon til verdensarvsentrene. De er alle ulike, men har til felles at de er viktige turistattraksjoner. Koronakrisen har medført pålegg om å stenge publikumsinstitusjoner, samtidig som utenlandsk turisme har uteblitt. Dette har gått hardt ut over økonomien til verdensarvsentrene. Gjennom krisen har det ikke vært gitt et felles tilbud om hjelp til sentrene. Det betyr at det er høyst ulikt hvordan sentrene får hjelp, og i flere tilfeller er det driftsform som diskvalifiserer sentrene fra kompensasjon for tapte inntekter. Det er grunn til å tro at koronakrisen i lang tid framover vil påvirke sentrene negativt. Hvis det ikke lages tilpassede støtteordninger som sikrer sentrene, vil det ramme vår kultur- og naturarv.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det er per i dag seks autoriserte verdsarvsentre i Noreg: Bergkunsten i Alta, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjorden. Dei er autorisert etter ei felles autorisasjonsordning for besøkssenter nasjonalpark, våtmark, rovdyr, villrein og verdsarv i Noreg, som tas hand om av Miljødirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Miljødirektoratet fordeler også tilskot til sentera. Sentera har viktige oppgåver knytta til formidling og har krav til informasjon og utstillingar. Dei er viktige i lokalsamfunnsutviklinga og skal mellom anna bidra til berekraftig reiseliv. Sentera som autoriserast etter denne ordninga er organisert i foreininga "Autoriserte besøkssentre i Norge" som til saman tel 32 besøkssenter.
Verdsarvsentera er i ulik grad påverka av koronasituasjonen. Etter det eg er kjent med har nokon gode besøkstal, mens andre har sviktande besøk.
Av dei seks verdsarvsentera er tre organisert som del av museum i det nasjonale museumsnettverket. Dette gjelder Alta Museum (Verdensarvsenter for Bergkunst), Rørosmuseet (Verdensarvsenteret Røros bergstad og Circumferensen) og Norsk industriarbeidermuseum (Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv). Det nasjonale museumsnettverket vart gitt tilleggsbevilling i samband med Stortingets handsaming av Prop. 127 S (2019-2020). Når det gjeld dei andre sentera må dei søkje på dei ordinære søknadsbaserte ordningane. Det vil her variere om ein er kvalifisert, mellom anna ut frå organisasjonsform, om dei har over 60 % av inntektene sine frå staten mv.
Eg er godt kjend med, og følger situasjonen både for verdsarvsentera og dei andre besøkssentera nøye. Det er viktig at dei autoriserte sentera har driftsvilkår som gjer det mogeleg for dei å ta hand om dei oppgåvene dei skal handsame. Klima- og miljødepartementet har bede Miljødirektoratet gjennomføre ein oppdatert kartlegging av dei økonomiske konsekvensane for dei autoriserte besøkssentera så langt i år. Desse tala skal ligge føre 20. september 2020.