Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2602 (2019-2020)
Innlevert: 11.09.2020
Sendt: 14.09.2020
Besvart: 21.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Grensa for kjerneområdet for jerv går langs fylkesvei 63.
Har statsråden vurdert, eller vil statsråden, vurdere å flytte grensa for forvaltningsområdet slik at dette i stedet grenser til Reinheimen nasjonalpark?

Begrunnelse

3. september gjorde Klima- og miljødepartementet vedtak i klagesak som gjaldt kvote for lisensfelling av jerv 2020-2021. I vedtaket overprøves den lokale rovviltnemdas vedtak og området for uttak av jerv omgjøres. Kvoten på to dyr som var tildelt forvaltningsområdet for jerv i Møre og Romsdal må dermed omfordeles til beiteprioriterte områder. Departementet freder med dette et område som rovviltnemdene hadde vurdert å gi fellingstillatelse i. Dette har alvorlige konsekvenser for de som har beitedyr i kjerneområdet for jerv, et område som det tidligere har vært tildelt kvote i. Det påpekes fra lokale beitebrukere at en mer naturlig grense for forvaltningsområdet for jerv vil være ei grense mot Reinheimen nasjonalpark, og at ei slik grensejustering ville letta situasjonen betydelig.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det er rovviltnemndene som har mynde til å vedta regionale forvaltningsplanar for rovvilt. Rovviltnemndene skal ha nær kontakt med kommunar og organisasjonar innanfor regionen ved utforminga av forvaltningsplanar. Planane skal sendast Miljødirektoratet til uttale før dei blir vedtekne. Landbruksdirektoratet skal og komme med ein uttale før planane kan vedtakast. Som overordna mynde kan Klima- og miljødepartementet hente inn og gjere om ein forvaltningsplan. Dette kan vere aktuelt der planen er i strid med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforskrifta, rovviltforlika eller klare faglege anbefalingar.
Rovviltnemnda i forvaltningsregion 6 endra i 2018 forvaltningsplanen for regionen, og reduserte då jerveprioritert område i Sunndalsområdet. Slik eg forstår spørsmålet meiner representanten det bør skje ein ytterlegare reduksjon av jerveprioritert område i Møre og Romsdal.
Eg vil på generelt grunnlag vise til at ein forvaltningsplan for ein region med mål om ynglingar av jerv skal sette av område prioritert til jerv, slik at det skal vere mogleg å nå målet innanfor dei ulike delane av regionen som er prioritert til jerv. Det inneber at nemnda i forvaltningsregion 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag) skal sjå til at det er store og gode nok leveområde for den sørlege stamma av jerv. Samtidig skal nemnda i planen setje av gode nok beiteområde til sau og tamrein. Dette er viktig for å oppretthalde ein levedyktig beitenæring.
Når det gjeld denne konkrete problemstillinga meiner eg dette primært er ei problemstilling som bør bli vurdert av rovviltnemnda i region 6.