Skriftlig spørsmål fra Åsmund Aukrust (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2662 (2019-2020)
Innlevert: 17.09.2020
Sendt: 18.09.2020
Besvart: 24.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Åsmund Aukrust (A)

Spørsmål

Åsmund Aukrust (A): Hvordan arbeider regjeringen for at den nye globale naturavtalen skal bli vesentlig mer effektiv enn avtalen som nå går ut?

Begrunnelse

Rapporten Global Biodiversity Outlook, lagt fram av FNs naturpanel denne uka, viser at verden ikke har nådd en eneste av de 20 målsettingene om naturmangfold som ligger i den globale naturavtalen fra 2010, og som også Norge er forpliktet av. Naturpanelet har dokumentert at vi står overfor en global naturkrise, der en million arter står i fare for å bli utryddet, og der skader på økosystemer allerede går alvorlig ut over menneskers livsvilkår. I 2021 skal verdens land inngå en ny naturavtale med nye forpliktelser for årene framover. Regjeringen har signalisert et høyt ambisjonsnivå for denne avtalen.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Verdssamfunnet bestemde i 2010 å stoppe tap av natur gjennom Aichi-måla. Dessverre står det att mykje arbeid. Rapporten Global Biodiversity Outlook-5 vart lagt fram av FN sin konvensjon om biologisk mangfald førre veke. Rapporten viser at sjølv om det er framgang på nokre område, vil ingen av Aichi-måla frå 2010 bli nådd fullt og heilt innan 2020.
Tap av natur og naturmangfald er like alvorleg som klimaendringane. Naturpanelet si hovudrapport viser at me ikkje har god tid, og at det er behov for eit grønt skifte, blant anna når det gjeld korleis me bruker areal og vårt produksjons- og forbruksmønster. Me må erkjenne at alle land må gjere meir for å bevare sin natur, og for å bruke han berekraftig. Og at ambisiøse mål utan mekanismar for oppfølging og rapportering ikkje er nok for å sikre at ein avtale vert etterlevd.
Internasjonalt samarbeid er heilt naudsynt for å snu den globale naturkrisa. Forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for biologisk mangfald etter 2020 (naturavtalen) er i gong, og har som mål å identifisere løysingar for å snu tapet av natur. To av tre førebuande forhandlingsmøte er gjennomført, men enno står svært mykje arbeid att før landa kan bli einige om eit endeleg resultat.
Noreg er aktiv i forhandlingane og jobbar hardt for å gjere den nye naturavtalen meir effektiv enn Aichi-måla har vore. Altså at måten avtalen er uforma på, gjev sterkare incentiv for handling og ein struktur som driv prosessen framover. Noreg jobbar òg for å løfte berekraftig bruk, som er eit område der det har vært liten progresjon det siste tiåret.
Noreg presenterte i juli eit konkret skriftleg forslag med ei heilskapleg tilnærming for å styrke gjennomføringa av det nye rammeverket. Forslaget legg opp til ein prosess med fleire synkroniserte steg som til saman legg til rette for ein gradvis styrka innsats gjennom: Felles oppdatering av nasjonale planar ei viss tid etter dei nye måla føreligg, jevnleg og samkøyrd rapportering av nasjonal innsats, teknisk ekspertgjennomgang av nasjonalrapportar, samt global kollektiv gjennomgang av status for biodiversitet, til dømes kvart 5. år, for å vurdere om landa sin kollektive innsats er tilstrekkeleg.
Ein heilskapleg gjennomføringsmekanisme vil kunne gje oss betre og meir oppdatert informasjon om stoda for naturen på global basis, og kan bidra til å motivere land til gradvis å styrke innsats og lære av kvarandre. Vi har sett at mange land støttar norske tankar og bruker innspelet vårt i eigne posisjonar.
Når ein ny avtale ein gong neste år har vorte vedteke, startar jobben med å gjennomføre han her heime.