Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:85 (2020-2021)
Innlevert: 09.10.2020
Sendt: 09.10.2020
Besvart: 19.10.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er dokumentasjonen på at formuesskattekutta til regjeringa gjennom åtte statsbudsjett på totalt 9,5 mrd. kroner har ført til auka sysselsetting?

Begrunnelse

Spørsmålet etterspør ikkje teoriar om kva formuesskattekutt kan føre til. Det etterspør heller ikkje ankedoter om effekten på lokale familieeigde bedriftar som finansministaren kan ha møtt på sin veg. Spørsmålet etterspør dokumentasjon på samanhengen mellom formuesskattekutta til regjeringa og den påståtte auka sysselsettinga. Eg legg her til grunn at regjeringa sjølvsagt har etterspurt og forsøkt å samanstille analysar av kva ein så stor sum som 9,5 mrd. kroner har ført til.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Jobbskaping avheng av ei rekke faktorar, der marknadstilhøve og konjunkturar speler ei viktig rolle for utviklinga. Regjeringa har ein samla politikk for å auke sysselsettinga i næringslivet på tvers av konjunkturar. Fleire faktorar bidreg til denne politikken, mellom anna satsing på kompetanse, infrastruktur og skattekutt i form av lågare skatt på inntekt og formue. I sum er det gitt 29,5 mrd. kroner i netto skatte- og avgiftskutt, der om lag ein tredel er kutt i formuesskatten. Tal frå Nasjonalrekneskapen viser at sysselsettinga i privat sektor auka med 110 700 personer frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2019.
Formuesskatten er sidan 2013 ikkje berre redusert, han er òg lagt om for å styrke privat sektor og det norske eigarskapet. Satsen er redusert, og det er innført ein eigen rabatt på arbeidande kapital, som aksjar og driftsmiddel. Verdsettinga av sekundærbolig er auka, slik at det no er forholdsmessig meir lønnsamt å investere i arbeidande kapital. I årets budsjett foreslår vi å auke rabatten for arbeidande kapitel ytterligare og samstundes auka verdsettinga av dei dyraste bustadene og fritidsbustader. Dette kan bidra til at ein større del av sparinga går til investeringar i næringsverksemd og arbeidsplassar. Aukinga i botnfrådraget er skattelette som treff bredt og skal sikre at formuesskatten oppfattast som rimelig òg for dei med mindre formuer.
Formuesskatten blir i all hovudsak betalt av norske, private eigarar. Formuesskatten må dessutan betalast sjølv om eigar ikkje har fått avkastning eller overskot på formuen sin det aktuelle året. Dette gjer at formuesskatten kan opplevast særleg problematisk for selskap i oppstartsfasen og for selskap som er avhengige av norsk eigenkapital for å få gjennomført investeringane sine. I motsetning til dei fleste andre land har Noreg formuesskatt, og lågare formuesskatt vil redusera den samla skattebelastninga for norske eigarar. Det aukar sjansane for å oppretthalde eit norsk eigarskap til norske verksemder. Regjeringa meiner at ei styrking av norsk eigarskap òg har en langsiktig verdi, både for verdiskaping og sysselsetting.
Det tek noko tid for verksemder å planleggje og gjennomføre investeringar, og det tek tid før verknader på produksjon og sysselsetjing kjem til syne. Det same gjeld talfesting av verknader på investeringar og arbeidsplassar av reduksjonane i selskapsskattesatsen, som eit breitt fleirtal på Stortinget slutta opp om. Det er òg krevjande å skilja verknader av skatteendringar frå andre forhold som påverkar investeringar og sysselsetjing mv. Dette gjeld alle typar endringar i skattar og avgifter.
Eg vil samstundes minne om at ein samla finanskomité utanom SV slutta seg til følgjande formulering i samband med skatteforliket i 2016:

«Flertallet mener derfor at en bedre innretning av den norske eierbeskatningen og særlig av formuesskatten på arbeidende kapital, kan føre til at norsk kapital bedre kan bidra til å skape nye arbeidsplasser gjennom produktive og verdiskapende investeringer. Flertallet viser til at utenlandske investorer ikke er underlagt formuesskatt i Norge, og at en reduksjon i selskapsskatten uten tilpasninger i eierbeskatningen for norske eiere ikke vil styrke konkurranseevnen til norske bedrifter og norsk eierskap i forhold til utenlandsk eide selskaper i Norge.»

Og at det same fleirtalet i Stortinget ytra eit ønskje om å innføre ein verdsettingsrabatt aksjar og driftsmiddel.