Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:445 (2020-2021)
Innlevert: 13.11.2020
Sendt: 16.11.2020
Besvart: 20.11.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hvordan ser statsråden på situasjonen denne bedriften er komt i og vil statsråden se på løsninger?

Begrunnelse

Klimapolitikken er full av paradoks. Avisa Hordaland og NRK Vestland har hatt mediesaker om Anortositten frå Gudvangen som blir brukt i isolasjon og dermed er med å få ned energibehovet globalt. Lokalt har selskapet støtt på utfordring av Stortinget sitt vedtak om nullutslipp i denne fjorden. Det skaper da situasjonen at et tiltak gjort for å redusere utslipp ender opp i at transporten flyttes over på vei deler av strekningen og skaper nye og større utslipp. FrP har fremma et representantforslag om utslippskravet i verdensarvfjordene. Denne problemstillingen krever politiske løsning og bør være slik at ikke symbolpolitikk blir viktigere enn faktisk å få ned utslippene globalt.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg viser også til mitt brev til Stortingets næringskomité av 27. oktober 2020 om representant-forslaget frå FrP om å utsetje kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 (23 S (2020-2021))
Ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 vedtok Stortinget følgjande:

"Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026."

Som eg skreiv i brevet til Næringskomiteen 27. oktober vil regjeringa følgje opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak. Det er ulike meiningar og mange omsyn som må vurderast i denne saka. Eg går no gjennom faggrunnlaget, og kjem tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt for å gjere greie for den vidare oppfølginga av vedtaket.
Eg vil likevel minne om at oppmodingsvedtaket frå Stortinget om nullutslepp frå skip i verdsarvfjordane gjeld for turistskip- og ferjer. Skip som Gudvangen Stein bruker for transport av anortositt er dermed ikkje omfatta av vedtaket frå Stortinget om nullutslepp.
Gudvangen Stein har derimot meldt om utfordringar i forhold til utsleppskrava for NOx frå skip i verdsarvfjordane, som allereie har teke til å gjelde.
Det blei innført strengare utsleppskrav for skip i verdsarvfjordane 1. mars 2019. Det gjeld mellom anna strengare krav til utslepp av SOx og NOx, og eit forbod mot utslepp av kloakk. Krava til utslepp av NOx er gradvis skjerpande. Skip med bruttotonnasje 1000 eller meir skal, uavhengig av krava som gjaldt ved skipets byggeår, i verdsarvfjordane oppfylle:

a. Nivå I-krava, jf. MARPOL regel VI/13, frå 1. januar 2020
b. Nivå II-krava, jf. MARPOL regel VI/13, frå 1. januar 2022
c. Nivå III-krava, jf. MARPOL regel VI/13, frå 1. januar 2025.

Sjøfartsdirektoratet kan etter søknad gi dispensasjon til skip frå Nivå I-krava, om det dokumenterast at skipet vil innfri Nivå III-krava seinast frå første anløp i 2023.
Gudvangen Stein har kontakta departementet og påpeika utfordringane regelverket medfører for bedrifta. Eg vil vurdere denne førespurnaden, og kome tilbake til bedrifta med eit svar når eg har sett nærare på saka.