Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:526 (2020-2021) Innlevert: 22.11.2020 Sendt: 23.11.2020 Besvart: 30.11.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Arne Nævra (SV): NRK har i flere reportasjer avslørt svært mangelfull eller fullstendig manglende beregning av klimagassutslipp ved utbygging. Spesielt har det vært fokusert på bygging av motorveier og vindkraftanlegg over myr. Hva vil statsråden gjøre for å få mer nøyaktige beregninger av klimagassutslipp knytta til inngrep hvor myr bygges ned?
Sveinung Rotevatn: Myr er store karbonlager som er bygd opp gjennom tusenvis av år. Nye berekningar tilseier at norske myrer kan lagre karbon tilsvarande minst 5000 millionar tonn CO2-ekvivalentar, like mykje som norske utslipp på nivå lik i dag i 100 år. I tillegg er myr viktig for naturmangfald, særleg fuglar og insekt. Ved utbygging blir heile eller delar av myra drenert og gravne ut. Det store karbonlageret blir da ei stor kjelde til utslepp. Utsleppa per arealeining blir langt større enn ved utbygging på andre typar areal. Difor er regjeringa oppteken av å ta vare på myr. I år vedtok regjeringa forbod mot å dyrke opp myr. Det er viktig å redusere nedbygging av myr så langt mogleg, og vi må heller ikkje gløyme at det er viktig å redusere nedbygginga av skog. Det er nedbygging av skog som står bak det aller meste av utsleppet frå arealbruksendringar i Noreg, men utsleppa per nedbygd dekar er størst ved nedbygging av myr og torvmark. Noko av det viktigaste vi kan gjere er å gi god rettleiing til kommunane, som har hovudrolla i arealplanlegginga. Kommunane har plikt til å ta omsyn til klima i arealplanlegginga, og dei skal legge vekt på å redusere utslepp frå nedbygging av karbonrike areal. I Regjeringas nasjonale forventningar til planlegging i kommunane og fylkeskommunane står det: "Beslutninger om lokalisering, byggemåte og utforming av bebyggelse, infrastruktur og tjenester, kan påvirke utslipp og energiforbruk i lang tid framover. Derfor må vi alt nå ta hensyn til målet om et lavutslippssamfunn i 2050. Omdisponering av skog og myr til andre formål bidrar til klimagassutslipp og negative konsekvenser for naturmangfold og økosystemtjenester." Miljødirektoratet har laga eit reiskap for berekning som gjer kommunane i stand til å berekne klimaeffekt av planlagde arealbruksendringar. Miljødirektoratet vil arbeide med å utvikle kunnskapen, rettleiinga og berekningsverktøya vidare. Utslepp frå arealbeslag – anten det er myr, skog eller jordbruksareal – skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget for samferdselprosjekt. Vegvesenet har ei god handbok om konsekvensanalysar (handbok V712) med ein metode for å berekne og prissette utslepp frå arealbeslag. Utsleppsfaktoren for utbygging på myr er 202 tonn CO2 per dekar, som er fleire gonger større enn for andre arealtypar. Metoden i handboka er relativt ny, og så langt har den ikkje vore konsekvent praktisert. Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil arbeide for å utvikle praksis her. På same måte må utslepp frå arealbeslag vere ein del av avgjerdsgrunnlaget når det blir gitt konsesjon til nye energianlegg, anten det er vindkraft, vasskraft eller anna.Mengda utslepp frå nedbygging av myr er avhengig av mange faktorar. Ein viktig faktor er kor djup myra er. Dei berekningsmetodane vi har i dag er basert på gjennomsnittsfaktorar. Det finst ikkje i dag lett tilgjengelege data om kor djupe myrane rundt om i landet er. Eg vil sjå nærmare på korleis vi eventuelt kan skaffe oss betre kunnskap, metodar og praksis for å berekne utslepp frå nedbygging av myr. Målet må vere å ha metodar som både er enkle i bruk og som gir tilfredsstillande grad av presisjon.