Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:556 (2020-2021)
Innlevert: 24.11.2020
Sendt: 24.11.2020
Besvart: 01.12.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden enig med Kystverket sitt forslag om å sentralisere oljevernberedskapen?

Begrunnelse

NRK Vestland har 23. november ei sak der dei formidler at Kystverket sentraliserer beredskapskontoret for oljevern fra Bergen, Ålesund og Kabelvåg til Horten. Dette svekker sjølvsagt det lokale beredskapsarbeidet og miljøet for beredskap.
Det skulle vera unødvendig å minne om betydningen kysten har og ein treng ikkje gå mange dager tilbake før ein opplevde nestenulykke igjen på kysten. Å ha ein lokal beredskap er viktig og det framstår som ikkje bra for kysten at nøkkelpersonell blir flytta til Horten.
Å ha fagfolk fra Kystverket i regionen blir trekt fram av Brannvesenet i Bergen som viktig.
Kystverket sitt forslag til sentralisering framstår som dårlig for kysten. Derfor er det viktig å finne ut om statsråden er enig i dette og om saka blir løfta politisk eller ikkje.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det er viktig for regjeringa å syte for ein god statleg beredskap mot akutt forureining i heile landet.
Kystverket varetek den statlege beredskapen mot akutt forureining og skal sikre beredskap mot større tilfelle av akutt forureining som ikkje er dekka av kommunal eller privat beredskap. Den enkelte kommune varetek den lokale beredskapen og alle landets kommunar deltek i interkommunale utval mot akutt forureining (IUA). Desse utvala skal støtte og hjelpe kommunane i handtering av hendingar med akutt forureining som overstig den enkelte kommunes kapasitet og beredskap. Ei av Kystverkets viktigaste oppgåver som forureiningsmyndigheit er å syte for at privat, kommunal og statleg beredskap samordnast i eit nasjonalt beredskapssystem. Samordning mellom stat, IUA og kommune styrast av Kystverket i Horten.
Det er særs viktig å sjå til at Kystverket er ein kostnadseffektiv etat med robuste fagmiljø - også på området for beredskap. Kystverket går frå å være inndelt i regionar, til å bli funksjonsorganisert frå 1. januar 2021. Eg meiner det vil vere positivt og effektivt at relaterte fagfelt plasserast inn under same verksemdsområde. Kystverket er ein relativt liten organisasjon, og etablering av fleire einingar og nivå vil dermed være meir kostnadsdrivande enn for større organisasjonar.
Som ein del av arbeidet med å skape robuste fagmiljø på beredskapsområdet vil 6 beredskapsstillingar flyttast til Horten; 2 frå Bergen, 2 frå Ålesund og 2 frå Kabelvåg. Personell i desse stillingane har oppgåver knytt til kursverksemd, øvingar og vedlikehald av beredskapsmateriell. Desse oppgåvene vil vidareførast av dei same tilsette, sjølv om dei nå får arbeidsstad i Horten. Det er viktig å presisere at flyttinga ikkje vil påverke Kystverkets beredskapsvaktlag eller 1. linjeberedskap ved akutte forureiningshendingar. Slik vil vi være like godt rusta som nå dersom det skjer skipsulykker eller nesten-ulykker langs kysten.
Eg støttar Kystverkets vurdering av at ei samling i Horten vil gjere det enklare å følge opp beredskapsarbeidet og leggje til rette for klarere styringslinjer. I dialogen eg har hatt med Kystverket om omorganiseringa har vi ein felles forståing av at geografisk flytting av stillingar skal gjennomførast over tid og med smidigheit. Eg legg til grunn at det også gjeld dei aktuelle beredskapsstillingane.
Eg vil framheve verdien av at beredskapsressursar er lokalisert lokalt. Dette vil framleis bli ivaretatt i ny organisering. Det blir ikkje endringar i lokalitetane til Kystverkets depot med beredskapsutstyr. Vidare vil dei interkommunale utvala mot akutt forureining fortsett gjere ein svært viktig jobb lokalt og i nær og god dialog med Kystverkets beredskapsavdeling i Horten.