Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:975 (2020-2021)
Innlevert: 17.01.2021
Sendt: 18.01.2021
Besvart: 23.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Er statsråden enig med Statens naturoppsyn om at folk i Østfold ikke skal gå tur i området der det såkalte Deisjø-paret ble sluppet, og hvordan mener statsråden hensynet til allmenn ferdsel i utmark skal ivaretas i disse områdene?

Begrunnelse

3. januar ble det såkalte Deisjø-paret (ulv) flytte fra området ved Femunden til Østfold, nærmere bestemt i området mellom Sarpsborg og Våler.
16. januar kan man lese i Smaalenenes Avis (nettutgaven) at representanter for forvaltningen, Statens naturoppsyn og Miljødirektoratet henstiller folk til ikke å gå tur i området for at ulvene ikke skal bli forstyrret.
"Vi ber publikum unngå...forstyrre ulven..." er en av uttalelsene og "Området de er flyttet til er heller ikke så stort".

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Dei to ulvane frå Deisjøreviret vart flytta frå reviret sitt i kommunane Rendalen, Stor-Elvdal og Åmot den 3. januar i år. Dei vart bedøvd, merka og flytta sørover i ulvesona. Dyr som vaknar opp etter bedøving og ei slik lang reise i eit nytt og ukjend område er noko omtåka. Av omsyn til dyra er det difor viktig at dei ikkje vert unødvendig forstyrra i ein viss periode etter at dei har vakna opp.
Statens naturoppsyn har i intervju med Smaalenenes Avis formidla at folk ikkje må forstyrre ulvane unødvendig ved å søkje dei opp med håp om å kunne få sett dei. Dei har ikkje bedt folk om ikkje å gå tur i området, men dei har bede folk om at ein ikkje skal oppsøkje, forfølgje eller medviten forstyrre ulvane. Eg meiner at det å vise respekt for naturen og varsemd for dyra som lever der er noko vi alle generelt bør gjere når vi ferdast i naturen. Det gjeld òg i denne situasjonen der dette ulveparet skulle finne seg til rette på ein ny stad etter at Statens naturoppsyn hadde bedøvd og flytta dei. Det vil ikkje gjelde nokon særskilte regler for utøving av friluftsliv i dette området kor dette ulveparet er plassert ut. Som i alle område der vi har ulv i Noreg skal folk ferdast i samsvar med gjeldande reglar.