Jenny Klinge (Sp): Har helseministeren høve til å sjekke om det har skjedd noko med den ideen eg presenterte som ei mogleg løysing for forenkla levering av reiserekningar på betalingsautomatane i samband med reiser til sjukehus og andre helseinstitusjonar der folk har krav på reisedekning?
Begrunnelse
Eg leverte i februar i fjor eit skrifleg spørsmål til helseministeren om dette temaet, fordi eg hadde eit framlegg til korleis det kan gjerast lettare å få levert reiserekningar i tide. Eg set pris på svaret frå helseministeren, som var:
«Jeg vil takke for ideen og at du har tatt deg tid til å presentere den. Den er oversendt til Pasientreiser slik at de kan ta den med i sitt videre arbeid med å forbedre og forenkle ordningene.»
Utgangspunktet for ideen var å gjera det lettare for folk å få att pengar for reiser til sjukehus og andre helseinstitusjonar der dei har krav på refusjon. Eg skreiv:
«Sjølv om det har vorte noko lettare med ei nettbasert løysing, er det enno slik at mange aldri får att pengane for reiser fordi dei ikkje forstår seg på systemet eller rett og slett leverer kravet for seint. Fristen no er berre på seks månader. Når folk til dømes har fått kreft eller andre alvorlege diagnosar, kan det vera vanskeleg å få levert reiserekningar innan seks månader. Eg meiner fristen bør utvidast for slike tilfelle, men uansett gjorde eg framlegg om ei ny og praktisk løysing, som truleg vil lette oppgåva for svært mange. Eg meiner det bør bli mogleg å levere reiserekninga same dag som du møter til behandling eller undersøking, på den same betalingsautomaten som du uansett skal betale på. I tillegg til å betale på automaten, kan du få opp eit ekstra alternativ: «Levere reiserekning.»
Og så kan spørsmålet til dømes vera:
«Har du reist frå den folkeregistrerte adressa di til denne behandlingsstaden i dag? Viss ja, vil du i så fall allereie no levere ei forenkla reiserekning?»
Så kunne systemet rekne ut kilometertal tur-retur og automatisk betale ut pengane til vedkomande innan ei viss tid. Sjølv om vi er inne i ein koronapandemi no, vil eg tru at Pasientreiser har kapasitet til å drive med forenkling til det beste for pasientane, og er spent på om dei har vurdert ideen min.