Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for at alle høyringsinnspel, i samband med høyringa på sak om kompensasjon for pelsdyrforbud, straks vert lagt ut på departementet sin nettstad?
Begrunnelse
Det har kome attendemeldingar på at det tek lag tid frå høyringsinnspel vert sendt inn til dei vert lagt ut offentleg.
Det er nok mange av høyringsinnspela frå pelsdyrbøndene som er både vonde og ubehagelege. Det heng nok saman med at måten regjeringa har handsama pelsdyrbøndene på i denne saka går langt ut over kva folk og familier skal måtte finne seg i.