Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1141 (2020-2021)
Innlevert: 31.01.2021
Sendt: 01.02.2021
Besvart: 08.02.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Takk for svar på spørsmål nr. 1048 om forvaltnings- og oppsynsstillinger i de ulike nasjonalparkene og landskapsvernområda. Men jeg spurte ikke om fordeling per nasjonalparkstyre.
Spørsmålet mitt var på personellressurser og økonomiske ressurser per nasjonalpark og landskapsvernområde, og kan jeg få et nytt oppsett spesifisert per NP og LVO?

Begrunnelse

Midtre Nordland nasjonalparkstyre er behandlet i svaret som om dette skulle vært et verneområde. Dette styret forvalter:
Rago NP
Sjunkhatten NP - Barnas nasjonalpark
Junkerdal NP
Saltfjellet-Svartisen NP
Láhko NP
Saltfjellet LVO
Gåsvatnan LVO
Storlia NR
Langvassdalen-Ruffedalen NR
Junkerdalsura NR
Blakkådalen NR
Semska-Stødi NR
Dypen NR
Stor Graddis NR

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Miljødirektoratet tildeler midlar til nasjonalpark- og verneområdestyra, og ikkje til dei einskilde verneområda. Ved tildelinga blir det teke omsyn til mellom anna kor mange verneområde styret har ansvaret for, og kva for utfordringar som er i dei ulike verneområda. Det er styra sjølve som disponerer og prioriterer dei tildelte midlane til tiltak i dei ulike verneområda. Styra gjer dette i samsvar med føremålet til dei aktuelle budsjettpostane. Likeins kan styret sjølve disponere forvaltarane etter kva som til ein kvar tid er naudsynt i dei ulike verneområda styret har ansvaret for.
Eg meiner det ikkje er riktig og ynskjer heller ikkje å detaljstyre dei lokalpolitiske styra på korleis dei brukar ressursane dei får tildelt.