Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1285 (2020-2021)
Innlevert: 12.02.2021
Sendt: 12.02.2021
Besvart: 22.02.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): I statsbudsjettet for 2021 er det sett av 5 millionar til planlegging av flaskehalsutbetringar på E39 Sandane-Reed.
Når blir planlegginga sett i gang og kva vil vere vidare framdrift i dette viktige vegprosjektet?

Begrunnelse

Utbetring av strekninga har fleire gangar vore adressert frå stortinget, både med vedtak handsaminga av statsbudsjett i 2015 og med ei millardløyving i nasjonal transportplan. Stortinget har no løyva 5 millionar i planleggingsmidlar etter avtalen mellom Framstegspartiet, Høgre, Venstre og KrF om statsbudsjett. E39 mellom Sandane og Byrkjelo er ei houvudsfartsåre på Vestlandet. Likevel er der farlege og forseinkande flaskehalsar.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det er riktig at det i statsbudsjettet for 2021 er sett av 5 millionar kroner i planleggingsmidlar for E39 mellom Byrkjelo og Sandane. Strekninga er prioritert i gjeldande handlingsprogram for Nasjonal transportplan, med føresett løyving frå 2024. Statens vegvesen vil starte reguleringsplanarbeid i 2021 i tråd med føringane i statsbudsjettet.