Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1381 (2020-2021)
Innlevert: 21.02.2021
Sendt: 22.02.2021
Besvart: 01.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Bruk av offentlig innkjøpsmakt blir fremhevet som et viktig virkemiddel for å stimulere til mer klimavennlige løsninger og utvikling av et hjemmemarked. Det anbefales at miljø og klima må vektes med minst 30 %. Det er viktig å utvikle relevante bransjekriterier for å sikre kvalitet og effekt. Antar at staten har en type rapportering på klima/miljø effekt av anbud.
Hvordan har sentrale statlige anbud utviklet seg de siste årene med hensyn til vekting av miljø og klima?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Auka vektlegging av offentlege innkjøp for det grøne skiftet reiser nye spørsmål som igjen krev nye svar. Statistikk på området grøne innkjøp er eit område i utvikling. Arbeidet med miljøstatistikk for offentlege innkjøp er ein ståande oppgåve for Direktoratet for Forvaltning og Økonomistyring, DFØ. Det er òg eit arbeidsområde innafor SSB sin portefølje. Det er naudsynt med vidare utvikling av metodikk, talgrunnlag og indikatorar. I stortingsmeldinga om offentlege innkjøp frå 2019 sa Regjeringa at ho vil styrke kunnskap og statistikk om offentlege innkjøp. DFØ har fått i oppdrag for 2021 å rapportere på innkjøp med miljøkrav innan transport, bygg og mat og søke å berekne effekt av nullutsleppsløysningar som vert skaffa i transportsektoren. I det vidare arbeidet må ein mellom anna sørge for betre tilgang til data frå innkjøpsdatabasen Doffin som grunnlag for statistikk. DFØ skal i 2021 òg vurdere korleis ein meir effektivt kan få fram innkjøpsdata frå statlege verksemder og slik få betre oversikt over klima- og miljøvenlege kjøp.
Etter forskriftene er innkjøparane ikkje pliktige til å vektlegge klima og miljø i kvart enkelt kjøp. Ein er heller ikkje pliktig til å anvende metodikken miljøkriterium med vekting, men dersom ein gjer det, vert ein i forskriftene anbefalt, men ikkje pålagt, å vekte miljø minimum 30 prosent. Det er difor grunn til å tru at praksis rundt omkring varierer mykje. Rapportering om bruk av miljø i anboda er frivillig og eigenrapportering skjer stort sett via digitale konkurranseverktøy som oppdragsgjevarane bruker. DFØ opplyser at dei kan sjå ein positiv trend i rapporteringa av bruk av miljøkrav i dei førebels tala dei har mellom 2018-2021, men ein har ikkje heile bildet. Tidlegare undersøkingar tyder på at bruken av tildelingskriterium har gått ned, mens bruken av miljø som direkte krav og kontraktsvilkår har økt. Dette kan ifølge DFØ tyde på at marknaden for miljøvenlege løysingar er blitt meir moden.
Sidan den nye loven om offentlege innkjøp trådde i kraft i 2017, som bestemte at "statlige, fylkeskommunale og kommunale myndigheter og offentligrettslige organer skal innrette sin anskaffelsespraksis slik at den bidrar til å redusere skadelig miljøpåvirkning, og fremme klimavennlige løsninger der dette er relevant", har Difi (nå DFØ) utført to såkalla "modenhetsundersøkelser" for å sjå i kva omfang krava etter lova vert følgde. Resultata frå 2018 og 2020 viser at stat, kommunar og fylkeskommunar i aukande grad svarer at dei har en plan for å innrette innkjøpspraksisen slik at den bidrar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og fremme klimavenlege løysingar. Fleire har innført styringsparametre for klima og miljø, og nye rutinar for å vurdere miljøbelastning av innkjøpspraksisen sin, men melder òg om ulike utfordringar. DFØ arbeider no med verktøy for å måle effektar og kostnadar av miljøkrav i offentlege innkjøp, og har på områda køyretøy og bygg utvikla såkalla effektkalkulatorar som forenklar arbeidet for oppdragsgjevarane.
Utnytting av offentleg innkjøpsmakt er viktig i klima- og miljøpolitikken, og regjeringa fremmer nye tiltak i den nyleg framlagte klimameldinga. Offentlege anbod i arbeidet med grøn skipsfart er eit område som kan vise til gode resultat. I klimameldinga varslar regjeringa auka bruk av innkjøpsmakt som verkemiddel i grøn omstilling av skipsfarten. For alle nye ferjeanbod varslast det låg- og nullutsleppskriterier i 2023 der det ligg til rette for det, og for alle nye hurtigbåtanbod vil slike kriterium innførast i løpet av 2025, der det ligg til rette for det. Vidare er det offentlege innkjøpar av ei mengde andre sjøtransporttenestar, til dømes i tilknyting til offentlege byggjeprosjekt. Klimaplanen varslar difor og at regjeringa vil greie ut klimakrav i offentlege innkjøp av sjøtransporttenester med sikte på innføring i 2023.
Vidare vil regjeringa bruke offentlege innkjøp for å bidra til at null- og lågutsleppsløysingar blir utvikla og tekne i bruk i transportsektoren, og at dette verkemiddelet er særleg viktig for å auke bruken av nullutsleppsløysingar blant bybussar. Frå 2025 vil regjeringa stille eit statleg krav om at alle nye bybussar skal vere nullutslepp eller bruke biogass. Regjeringa vil stille tilsvarande krav om nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar og lette varebilar frå 2022.  
Regjeringa la gjennom stortingsmeldinga stor vekt på auka profesjonalisering og heving av innkjøpskompetansen i Noreg og varsla ein handlingsplan. DFØ er i gang med eit nasjonalt kompetanseløft for grøne innkjøp og handlingsplanen som kjem i vår er ein sentral del av dette arbeidet.