Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1446 (2020-2021)
Innlevert: 27.02.2021
Sendt: 01.03.2021
Besvart: 11.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): HFK er en gruppe syntetiske fluorholdige klimagasser som benyttes i kuldeanlegg, klimaanlegg, dataromskjøling, fryserom, varmepumper osv. Det er installert 2,2 mill. tonn CO2 ekvivalenter HFK i norske næringsbygg og 1 mill. varmepumper i private hjem. For næringsbygg skjer 75 % av lekkasjene fra løpende drift og 25 % ved sanering. Det er ikke lovregulerte kompetansekrav for å installere, vedlikeholde eller demontere slike anlegg.
Er tilsynet godt nok, og hva gjør statsråden for å forsere innføring av naturlige kuldemedier?

Begrunnelse

Informasjonen i spørsmålet kom frem under høringen til klimameldingen fra VKE – Foreningen for Ventilasjon, Kulde og Energi.
HFK er sterke klimagasser.
De etterlyste bedre refusjonsordninger, mer kunnskap, og stimulere til økt bruk av naturlige kuldemedier, samt at yrker som arbeider med kuldemedier må lovreguleres.
Ved nærmere kontakt med VFK fikk jeg følgende utfyllende informasjon:
Bruk av HFK-gasser er i dag regulert, det er egen avgift på HFK knyttet til drivhuseffekten for gassene. De sterkeste f-gassene er det omsetningsforbud på. Det er Miljødirektoratet som er tilsynsmyndighet og regelverket er innarbeidet i Produktforskriften kapittel 6a om fluorholdige stoffer.
En av hovedårsakene til at naturlige kuldemedier ikke blir brukt i større omfang er at de krever høyt trykk slik som CO2 (R-744), er giftige slik som ammoniakk (R-717) eller brannfarlig slik som propan (R-290). Bruk av naturlige kuldemedier krever tilpasning i regelverk, preaksepterte løsninger, veiledninger og kompetanse til dem som utfører arbeid på anleggene.
Det er manglende kompetanse på alternative kuldemedier spesielt knyttet til riktig prosjektering, helse og risiko. Håndtering av farlig stoff er regulert av DSB og bransjen trenger gode retningslinjer og veiledninger for utforming av kuldeanlegg med brannfarlig kuldemedier.
Det skjer en nedfasing av HFK og det er ikke lenger lov å installere nye anlegg med sterke klimagasser. Frem mot 2025 strammes dette ytterligere til og enda flere av f-gassene vil bli forbudt samt at det i 2030 ikke lenger vil være lov å gjenbruke de sterkeste f-gassene som er tappet av anlegg.
Svært mange anlegg med HFK er eldre anlegg som ble installert før regelverket (f-gassforordningene) kom på plass. Disse er i dag underlagt krav om regelmessige lekkasjekontroller av kulde-, varmepumpe- og luftkondisjoneringsanlegg med bestemte f-gasser over en gitt størrelse, samt til forsvarlig kondemnering av utstyr og behandling av brukt gass. Personell og bedrifter som utfører disse oppgavene, samt installasjon og vedlikehold, skal være sertifisert.
Norge har gode erfaringer med å utfase oljefyr. Med så sterke klimagasser HFK og som er lite synlige, så burde man prioritert et informasjons- og sanerings program, og innført alternativ og stilte strenge kompetansekrav.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Noreg har eit omfattande regelverk for å redusere utslepp av HFK-gassane og for å minke importen av desse gassane til landet. Noreg har ikkje eigen produksjon av slike gassar. Regelverket gjer at klimavennlege alternativ blir meir og meir konkurransedyktige.
Avgift på HFK-gassar vart innførd i 2003. Avgifta er mellom dei høgaste i verda, og er i praksis ei importavgift, jamfør at vi ikkje produserer slike gassar i Noreg. Avgifta er gradert etter kva oppvarmingspotensial gassane har (GWP – global warming potential). Dei ulike HFK- gassane har ulikt oppvarmingspotensial, nokre er fleire tusen gangar sterkare enn CO2. Avgifta er derfor innretta slik at det er mest kostbart å bruke dei gassane som har størst innverknad på klimaet. Dei siste åra er avgiftssatsen auka kraftig, frå 208 kr per tonn CO2-ekvivalent i 2010 til 591 kr i 2021. I Klimaplanen (Meld. St. 13 (2020-2021)) varslar regjeringa at ein vil ytterlegare auke avgifta gradvis til 2 000 kroner per tonn i 2030. Dette vil gjere at det blir endå dyrare å kjøpe gassen og dermed gi eit insentiv til å redusere utsleppa så mykje som mogleg.
Dei fluorhaldige klimagassane, inkludert HFK er også regulert i forskrifter heimla i forureiningslova, i vegtrafikklova og i produktkontrollova. I avfallsforskrifta blir HFK-gassane definert som farleg avfall. Det betyr at tilsikta utslepp er forbode og at det er krav til forsvarleg handtering av gassen etter bruk. For gass som blir levert inn til trygg øydelegging blir det utbetalt refusjon lik satsen på avgifta. Sidan satsen no er så høg, ser vi at det blir samla inn meir gass for trygg øydelegging. I 2020 betalte Miljødirektoratet ut over 100 millionar kroner i refusjon for gass som blei levert inn. For aktørane lønnar det seg no å ta vare på brukt gass og levere den inn til mottak, framfor å sleppe den ut.
I produktforskrifta blir det mellom anna stilt krav til forsvarleg handtering av HFK-gassar, og til å kontrollere lekkasjar for å førebygge og avgrense utslepp. Det er også forbod mot bruk av gassen i fleire produktgrupper. Vidare er det krav til at personell og bedrifter som handterer f-gassar har sertifikat som dokumenterer kunnskap og rutinar for handtering av slikt farleg avfall. Det betyr at personar som arbeidar på anlegg med fluorhaldige gassar må bestå ein egen eksamen og ha eit eige sertifikat for å arbeide lovleg. Også bedrifter som tilbyr desse tenestene må vere sertifisert. Til no er om lag 5000 personar og 1000 verksemder sertifisert.
HFK-gassar i luftkondisjonering i køyretøy er regulert i forskrift om tekniske krav og godkjenning av køyretøy. Det kan ikkje lenger registrerast personbilar eller lette køyretøy som har gass med oppvarmingspotensial over 150 GWP.
Under Montrealprotokollens Kigali-tillegg har Noreg forplikta seg til å fase ned bulkimport av HFK. Ein må difor ha løyve for å importere HFK-gassar i bulk til Noreg. Miljødirektoratet gir verksemder løyve i tråd med ei nedfasingsplan. Regjeringa har i tillegg fastsett ein nedfasingpslan i produktforskrifta som er strengare enn det som følgjer av Norges pliktinger i Montrealprotokollen.
Som resultat av alle verkemidla i Noreg har importen, og dermed ny bruk av HFK, i Noreg minka frå 1,6 millionar tonn i 2013 til 0,6 millionar tonn i 2019, målt i CO2-ekvivalentar.
Det er Miljødirektoratet si oppgåve å føre tilsyn med regelverket under produktforskrifta og avfallsforskrifta. Det føres tilsyn med verksemder som brukar HFK-gass i kulde- og luftkondisjoneringsanlegg, verksemder som tilbyr tenester på desse anlegga og verksemder som importerer og sel HFK-gass og produkt med HFK-gass. I klimaplanen varsla Regjeringa at vi vil auke informasjon om, og tilsyn med, regelverket for HFK- gassane. Dette er i tråd med det som vart omtalt i Klimakur 2030.
Utslepp av fluorhaldige gassar er venta å falle sterkt i perioden fram til 2030 som følgje av auka avgiftssatsar, og meir rettleiing og meir tilsyn. Vi reknar med at dette vil gjere at naturlege kuldemedium blir meir konkurransedyktige og tatt meir i bruk.