Jenny Klinge (Sp): Vil kulturministeren sjå nærare på moglegheita for å laga saktenyheiter både for undervisningsføremål og for tydeleg informasjon overfor innvandrarar, samt gå inn for å få utvikla ein dialektapp?
Begrunnelse
Tidlegare UNE-direktør Ingunn-Sofie Aursnes er bekymra for at innvandrarar ikkje forstår dialektene som statsrådar og andre offentlege personar bruker når dei kjem med viktig informasjon. Dette har ho uttalt til NRK. Eg meiner det er viktig at vi ikkje lagar ei konflikt mellom bruk av dialektene våre og innvandring. Målet må vera å gi informasjon som er tilpassa språkkunnskapane til dei enkelte gruppene av innvandrarar og også få så mange som mogleg til å forstå norsk talemål, der dialektene jo er ein viktig del.
Eg har forståing for at somme har så dårlege norskkunnskapar enno at spesialtilpassa info er nødvendig. I Tyskland har dei spesialtilpassa nyheiter på sakte tysk. Eg meiner myndigheitene og gjerne også NRK bør vurdere å produsere informasjon og nyheiter på sakte nynorsk og sakte bokmål.
Eg vil dessutan lansere ein idé om ein dialektapp – ein app som på ein pedagogisk og artig måte kan få innvandrarar til å forstå dialektene våre. Dette vil leggje til rette for at dei fungerer betre både på jobb og sosialt. Appen kan ha forskjellige vanskelegheitsgrader og slik også eigne seg for nordmenn som vil forstå dialektene betre. Målet må vera å leggje til rette for dialektmangfald i framtida, ikkje motarbeide dialektbruk.
Eg meiner kulturdepartementet kan gi nokon i oppdrag å utvikle ein slik app som presenterer norske dialekter og legg til rette for læring. Det kan gjerne vera Språkrådet. Målet må vera å utvikle ein morosam og lærerik app som gjer at både innvandrarar og nordmenn kan lære meir om ulike dialekter. Det kan vera alt frå vanlege dialektformer til særprega ord som blir mykje brukt og som kan skape problem for forståinga av dialekta. Det er jo ofte berre nokre få ord som er spesielt vanskelege. Blir slike ord brukt ofte, bør det jo vera interessant å lære seg desse både for innvandrarar og nordmenn frå andre delar av landet. Appen må sjølvsagt vera gratis og innvandrarar må oppfordrast om å bruke den. Dei som går på introduksjonprogram kan lære å bruke appen der.
(Eg er kjent med at det finst ein liknande app allereie, men slik eg forstår det, har denne ei noko anna innretning enn den eg tenkjer på.)
Her er NRK-saka: https://www.nrk.no/norge/ropstads-dialekt-skaper-bekymring-1.15394286