Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden gripe inn og omgjere direktoraret sitt vedtak evt. kva andre løysingar ser statsråden for å hjelpe til å få saka løyst?
Begrunnelse
I Hardanger har eg registrert ei sak der både statsforvalteren og landbruksdirektoratet har lagt til grunn at ein eigedom i Eidfjord kommune skal sjåast på som ein drifseining saman med eit lite gardsbruk i Ullensvang kommune. Distansen mellom disse to er lang og det tar on lag 30 timar å gå gjennom naturen frå den eine eigedomen til den andre. Spørsmålsstillar meiner at det neppe kan vera slike avstandar lovgjevar har hatt i tankane når jordlova har blitt vedteke. Det høyrer med til historien at eigedommen i dag er eigd av nokon med bustadsadresse i Bergen medan kjøpar er lokal frå Eidfjord.
Landbruksdirektoratet har referanse 20/51382 - 5 på saka.