Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1475 (2020-2021)
Innlevert: 02.03.2021
Sendt: 03.03.2021
Besvart: 10.03.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når setter statsråden i gang planlegging av utbetring mellom Byrkjelo og Sandane i tråd med budsjettavtalen mellom FrP og regjeringspartia?

Begrunnelse

FrP fekk gjennomslag for å løyve 5 millionar i statsbudsjettet for 2021 til planleggingsmidler for utbetring av vegstrekningen Byrkjelo – Sandane på E39. 1. mars 2021 viste FrP sin listetopp i Sogn og Fjordane valdistrikt Anfinn Sjåstad meg denne vegstrekningen og behovet for opprusting og utviding er absolutt til stades. Det er enno ikkje komt i gang med å bruke den bevilga summen i statsbudsjettet på planlegging og våre lokale FrP representanter er utolmodige for å komme i gang.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det er riktig at det i statsbudsjettet for 2021 er sett av 5 millionar kroner i planleggingsmidlar for E39 mellom Byrkjelo og Sandane. Statens vegvesen vil starte reguleringsplanarbeid i 2021 i tråd med føringane i statsbudsjettet.