Skriftlig spørsmål fra Gisle Meininger Saudland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1663 (2020-2021)
Innlevert: 16.03.2021
Sendt: 16.03.2021
Besvart: 24.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Gisle Meininger Saudland (FrP)

Spørsmål

Gisle Meininger Saudland (FrP): Hvor stor andel av det vi betaler inn til Enova gjennom påslaget på strømregningen, går til tiltak i norske husholdninger, og hvordan sikrer statsråden at det husholdningene betaler inn kanaliseres tilbake til husholdningene?

Begrunnelse

Stortinget har vedtatt et mål om 10TWh energisparing i bygg. Husholdningene er en viktig brikke for å nå disse målene. Huseierne opplyser at de gjennom undersøkelser hos sine medlemmer blant annet får opplyst at 90 prosent av norske husholdninger ønsker å gjøre tiltak for å redusere sin strømregning, og at 60 prosent mangler investeringsmidler for å gjennomføre tiltak i egen bolig. Enova skal bidra til at det er attraktivt og lønnsomt å utvikle og ta i bruk teknologiene og tjenestene som trengs for å ta de nødvendige grepen for å nå målet.
Hvert år betaler norske husholdninger ca. 400 millioner kroner til Enova for å finansiere energieffektiviseringstiltak. Innbetalingen skjer gjennom et påslag på 1 øre/kWh på strømregningen. I tillegg bidrar husholdningene indirekte til Enova gjennom bevilgninger over statsbudsjettet. Gjennom sin avtale er Enova forpliktet til å stille minst 250 millioner til disposisjon til en rettighetsbasert ordning for enøk-tiltak i husholdningene. Det kan synes som at disse pengene ikke blir utbetalt til husholdningene i tråd med intensjonen i avtalen, og jeg spør meg derfor om hva det skyldes.
Det er ikke bare på energisparing vi ser behov for å gjøre tiltak fremover, men også på effektområdet. Det viser at det er flere tiltak Enova burde vurdere å kunne støtte opp under som for eksempel smarte elbilladere og smart strømstyring for å bidra til at husholdninger fortsetter å investere i tiltak for å møte behovet om å flytte strømforbruk bort fra høylastperioder.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Klima- og miljødepartementet styrer Enova på overordna nivå gjennom fireårige styringsavtalar. Frå 1. januar 2021 tredde den nye styringsavtala mellom Enova og Klima- og miljødepartementet i kraft. Den nye styringsavtala inneber at ein legg enda sterkare vekt på Enova som klimaverkemiddel. Formålet til Enova vil framover vere å bidra til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Dette vert utdjupa gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030, og b) teknologiutvikling og innovasjon som bidreg til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050.
Innanfor rammene av avtala har Enova fagleg fridom til å prioritere mellom område, utforme program og tildele støtte til enkeltprosjekt. Enova skal prioritere innsatsen der den gjev mest effekt og moglegheitene for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.
I den nye avtala er det stadfesta at

"Enova skal årlig stille til disposisjon minimum 300 millioner kroner til tiltak hos husholdninger og forbrukere for å bidra til reduserte klimagassutslipp og omstilling til lavutslippssamfunnet."

Påslaget for elektrisitetsbruk for hushalda er 1 øre per kWh. Bedrifter og offentleg sektor betalar 800 kroner årleg per målepunkt-ID. Totalt utgjorde dette 714 millionar kroner i 2020, kor om lag 400 millionar av dette kjem frå hushalda. Formålet med dette påslaget er å finansiere Enova sin generelle aktivitet. Innbyggjarane er viktige bidragsytarar til Klima- og energifondet gjennom både skattar og avgifter som mogleggjer løyvinga over statsbudsjettet og påslaget på nettleiga. Hushald kan i hovudsak få støtte til ulike tiltak til bustaden gjennom stønad frå Enovatilskuddet. Sidan 2015 har den samla stønaden og talet på saker frå Enovatilskuddet årleg vore som følgjer:
2015: 65 millionar (3 740 saker)
2016: 120 millionar (6 465 saker)
2017: 165 millionar (8 123 saker)
2018 275 millionar (14 485 saker)
2019: 335 millionar (20 781 saker)
2020: 156 millionar (9 113 saker)
Den årlege samla stønaden har gradvis auka år for år. Unntaket er 2020. I 2020 blei det gitt støtte til 9 115 prosjekter i Enovatilskuddet. El-produksjon er tiltaket som fekk flest tilskott, med nesten 18 prosent. Produksjon av el i hushald er i hovudsak knytt til installasjon av solceller på bustad. Nesten like mange tilskott, 17 prosent, blei gitt til installasjon av balansert ventilasjon.
Varmepumpeløysingar og vassbåren varme var også blant dei mest populære tiltaka, sjølv om desse hadde ein nedgang. Dette kan ha samanheng med at bustadeigarane ut 2019 fekk tilskott til fjerning av oljefyr kombinert med kjøp av andre fornybare varmekjelder, som til dømes varmepumpe. Frå 2020 blei det forbod mot å fyre med fossil olje i bustader og bygg, og Enova sitt stønadstilbod til å fasa ut oljefyr blei avvikla. Desse tiltaka representerte samla sett i overkant av ein tredjedel av dei støtta tiltaka i 2020.
Det mest omfattande og energisparande tiltaket er oppgradering av bygningskroppen. I 2020 blei det utbetalt 566 slike tilskott, noko som var ein auke på 30 prosent samanlikna med 2019.
Stønad frå Enova kjem dessutan innbyggjarar til gode også på andre måtar enn gjennom Enovatilskuddet. Til dømes må utsleppa reduserast i omstillinga til lågutsleppsamfunnet, særleg innanfor transportsektoren. Det er behov for, og Enova støttar, mellom anna hurtigladarar, batteribussar, lastebilar utan utslepp og landstraum til skip.
Enova skal gjennom rapportering gjere greie for arbeidet med å oppfylle formål, delmål og andre føringar i avtalen. Rapportering skjer i hovudsak gjennom årsrapport, halvårsrapportering, prosjektoversikt på enova.no, og gjennom rapportering på oppfylling av målindikatorar.