Marit Knutsdatter Strand (Sp): Avisa Valdres omtalar 16. mars NIBIO sin rapport om at det vil koste 18-24 milliardar kr på landsbasis å erstatte dagens 4500 båsfjøs i mjølkeproduksjonen med lausdriftsfjøs.
Kva vil statsråden seie til dei som lurar på kva dei skal gjere for å sikre grunnlag for vidare mjølkeproduksjon på små- og mellomstore bruk, og vil ho kome med ei investeringspakke som sikrar høve til omstilling for alle gardar?
Begrunnelse
Avisa Valdres skriv blant anna at «Ressursgrunnlaget til gardane er ikkje stort nok til at alle med båsfjøs kan byggje store, nye lausdriftfjøs med 30-40 mjølkekyr.» og at «Tal frå statsforvalteren i 2017 syner at 99 prosent av jordbruksarealet i Valdres er gras- og beitemark (…)». I tillegg har dei intervjua Geirmund Grøndalen som deltek i prosjektet «Innlandsfjøsest» og seier at «poenget er ikke å tenke luksus, men å spørje hva jeg faktisk må ha for å kunne drive gården».