Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden redegjøre for reglene som gjelder når det oppdages grove feil i takseringsgrunnlaget på bolig og korleis kan Kinn kommune unngå å legge den nye takseringa til grunn for utskriving av eigedomsskatt, og gjennomføre ei ny retaksering i kommunen for å rette opp feilene dei har gjort?
Begrunnelse
FrP får stadig henvendelser om urimelig lokal taksering av boliger for å krevje inn eigedomsskatt. I samband med at Flora og Vågsøy vart slått saman til Kinn kommune, så har kommunen gjennomført ei retaksering for å harmonisere eigedomsskatten i heile kommunen. Etter den nye takseringen syner det seg at det er gjort store feil og manglar i takseringsarbeidet som har ført til at svært mange eigedomsobjekt har fått feil verdifastsetting. Lova seier at det nye takstgrunnlaget må sendast ut til skatteytarane før 1. mars, med ein klagefrist på 6 veker, og deretter skal taksten gjelde for 10 år.
Etter initiativ frå FrP i kommunestyret, så ville politikarane annulere den nye takseringen, og legge den tidlegare takseringa til grunn for eigedomsskatten fram til ein hadde fått gjennomført ei ny taksering for heile kommunen. Då kommunen rådførte seg med KS om saka, så meinte KS at det ikkje var muleg å legge den tidlegare taksten til grunn fordi ein hadde sendt ut eit nytt grunnlag før fristen 1. mars, og at ein måtte rette opp alle feila i samband med klagebehandling.
Politikarane i Kinn ynskjer å rette opp feila ved å gjennomføre ein ny takseringsprosess, slik at det ikkje skal være opp til kvar enkelt skatteytar å måtte klage på takstfastsettelsen for å få rett takst. Dette vil føre til at dei mest ressurssterke får rett takst, medan mange vil framleis ha feil takst. Det vil og krevje enorme ressursar frå både innbyggjarar, næringsliv og kommune å gjennomføre ei stor og omfattande klagebehandling med mange tusen klager.