Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1831 (2020-2021)
Innlevert: 04.04.2021
Sendt: 06.04.2021
Besvart: 13.04.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er det et mål for statsråden at Stortinget handsamar proposisjon for Hordfast i denne stortingsperioden?

Begrunnelse

Eg viser til Dokument nr. 15:673 (2020-2021) der eg spurte når proposisjonen for Hordfast vart fremma for Stortinget. I svaret seier statsråden at dette kjem han tilbake til i NTP framlegget.
I NTP er prosjektet omtalt og prioritert med oppstart i første del.
Kommunedelplan for strekningen Ådland–Svegatjørn ble vedtatt i 2019. Slik eg forstår bakgrunnen for tidleg innvolvering opnar den for at stortinget kan gje fullmakt å forplikte staten etter kommuneplan og ikkje vanleg etter reguleringsplan. Det opnar for at det vil vera mogleg å gjera naudsynte vedtak for å forplikte staten til prosjektet i denne stortingsperioden.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Som representant Njåstad viser til, er E39 Hordfast omtalt og prioritert i fyrste seksårsperiode av NTP 2022-2033.
Eg har framleis til vurdering, når det vil vere formålstenleg og mogeleg å kunne leggje fram ein proposisjon til Stortinget med forslag om eit utbyggings- og finansieringsopplegg for prosjektet.